NRK Meny
Normal

– Etterretninga har skjønnmalt framgangen i kampen mot IS

Tenestemenn ved USAs sentralkommando skal ha endra på etterretningsrapportar for å skape eit meir positivt bilete av kampen mot terrorgruppa IS enn det fakta på bakken viste, ifølge republikanske kongressmedlemmer.

Fallujah

Irakiske politimenn utanfor ein bygning i Fallujah. Gjenerobringa av byen vest for Bagdad er ein av dei faktiske suksessane i kampen mot IS, då irakiske styrker støtta av USA inntok byen tidlegare i sommar.

Foto: AHMAD AL-RUBAYE / Afp

– Det som har skjedd i sentralkommandoen er uakseptabelt - våre soldatar blir lidande når dårelege analyser blir presentert til dei som utformar politikken, seier republikanaren Mike Pompeo, som seier at det handlar om feil heilt til toppen av forsvarsinstitusjonen.

Han er ein del av ei arbeidsgruppe med republikanske kongressmedlemmer som torsdag la fram ein rapport om det dei meiner er ei manipulert IS-etterretning.

– Analyser diktert frå toppen

Sentralkommandoen er ein av dei ni hovudkommandoane i det amerikanske forsvarsdepartementet, og ligg i Tampa i Florida. Det er dei som styrer USAs operasjonar i Midtausten.

Carter og Votel

Sjølv om IS har mista 40 prosent av områda dei kontrollerte i Irak og 20 prosent av områda dei kontrollerte i Syria sidan den USA-leia koalisjonen starta sin bombeoffensiv, er kampen langt frå over.

Foto: SAUL LOEB / Afp

Rapporten skildrar det dei omtalar som «vedvarande problem» i 2014 og 2015 med analysane av USAs innsats i trening av irakiske styrker og å kjempe mot ekstremistgruppa i Irak og Syria.

– Til dømes har ein tilsett i sentralkommandoen sagt at ein stor militæroffensiv for å ta tilbake Mosul kunne begynne så tidleg som april eller mai 2015.

Den irakiske byen Mosul er framleis under IS-kontroll.

Flukt fra Mosul

Trass i fleire løfter om å gjenerobre Mosul frå både USAs sentralkommando og Iraks statsminister, er byen framleis kontrollert av terrorgruppa IS.

Foto: Uncredited / Ap

Dei viser til ei endring i struktur og leiing i sentralkommandoen i 2014 som førte til ein meir optimistiske analyser av USAs militære innsats i området. Dei refererer til «utbreidd misnøye» blant dei tilsette mot ei leining dei meiner dikterer analysane deira.

Ein pågåande debatt

Ein talsmann for sentralkommandoen har sagt at dei gjennomgår rapporten, men vil ikkje kommentere den så lenge etterforskinga framleis pågår, skriv New York Times.

Han legg til at «ekspertar nokre gonger er ueinige i tolkinga av komplekse data, og at etterretninga og Forsvarsdepartementet ønsker ein dialog om desse viktige emna velkommen».

Denne debatten røyser ifølge avisa også viktige problemstillingar når det gjeld i kva grad Obama kan stole på sentralkommandoen for ærlege vurderingar på dei øvrige militæroperasjonane USA er involvert i, til dømes i Afghanistan og Libya.

Det har også vore debatt rundt etterretninga i forkant av invasjonen av Irak i 2003.

Obama og kollegaer

Det er ikkje første gong det er debatt om forholdet mellom Det kvite hus og etterretninga. Her er Obama med nokre av leiarane for dei ulike greinene i forsvaret, og tryggingsrådgivar Susan Rice.

Foto: Carolyn Kaster / Ap

Arbeidsgruppa har endå ikkje fullført etterforskinga. Generalinspektøren i Pentagon held samtidig på med ei eiga etterforsking.

Også demokratane i etterretningskomiteen har sett på skuldingane om manipulering av etterretninga frå sentralkommandoen, og er einig i noko av kritikken, men meiner det ikkje er bevis for å hevde at etterretninga er politisk styrt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt