Hopp til innhold

– Erdogan er Guds gåve til oss

ANKARA (NRK): Måndag morgon prøvar Tyrkia å kome tilbake til kvardagen etter ei dramatisk helg. Mange set sin lit til at president Recep Tayyip Erdogan skal rydde opp.

Erdogan

Erdogan-supporterar framfor ein skjerm med bilete av presidenten under ein demonstrasjon til støtte for regjeringa i Ankara søndag. Erodgan har stadig sterk støtte blant ein stor del av tyrkarane, og ekspertar meiner kuppet vil styrke han ytterlegare.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

– Vi kunne ikkje ha levd normalt om militæret hadde kuppa makta. Då hadde økonomien og den stabile styringa av landet blitt ruinert, seier Mevlut Ünal (45) til NRK om fredagens kuppforsøk.

Mevlut Ünal

Taxisjåfør Mevlut Ünal er glad for at kuppforsøket blei slått ned, og meiner at uroa er over no.

Foto: Emrah Senel / NRK

Unal, som jobbar som taxisjåfør i byen Polatli utanfor Ankara, tek seg ein tepause i bussterminalen, der bussane kvar halvtime fraktar folk til og frå provinsen som omkrinsar hovudstaden.

Samtidig melder tyrkiske myndigheiter om at dei held fram med aksjonane mot mistenkte kuppmakarar. Rundt 9000 offiserar er no arresterte, melder statlege medium. Måndag morgon blei det meldt om ein aksjon mot luftforsvarsskulen i Istanbul. Tidlegare leiar for luftforsvaret Akin Ozturk blir omtala som ein hovudmann.

Blei vitne til kuppet på veg heim frå jobb

På busstasjonen snakkar alle om fraksjonane i den tyrkiske hæren som forsøkte å kuppe makta i landet. Bygningsarbeidaren Ahmet (46) er ein av dei som tek bussen til sentrum av Ankara. Her var han også ved midnattstider under kuppforsøket.

Ahmet

Bygningsarbeidaren Ahmet peikar på regjeringspartiet AKP sitt hovudkvarter. Han blei vitne til angrep på bygget natt til laurdag.

Foto: Emrah Senel / NRK

– Eg høyrde eksplosjonslydar frå partikontora til AKP like ved, seier han, og peikar på bygningen som kuppmakarane omringa nokre hundre meter unna.

Han ønsker ikkje å oppgi etternamnet sitt, men fortel at han er glad for at «folket stoppa kuppmakarane».

– Nokre landsforrædarar prøvde å lage hol på båten som går så bra, men folket ville aldri ha tillate det. Tyrkia har aldri hatt ein så sterk leiar som Erdogan, seier han til NRK.

Han seier at Tyrkia ville ha teke stor skade om kuppmakarane hadde lukkast.

– Det hadde sett oss mange år tilbake i tid, og representer ikkje folkeviljen. No er vi glade for at situasjonen er under kontroll.

Bussterminal i Ankara

Ikkje så folksamt som vanleg på bussterminalen i Ankara måndag morgon. Folk er framleis på tå hev etter helgas dramatiske hendingar.

Foto: Emrah Senel / NRK

Skuldar på Gülen

Sjølv om dei fleste fordømmer kuppet, er meiningane svært delte om Erdogan. Mange fryktar at presidenten trugar demokratiske verdiar, men rundt halvparten er trufaste støttespelarar av han og AKP-partiet.

Taxisjåfør Ünal er blant støttespelarane.

– Erdogan er helt perfekt, og Guds gåve til oss. Eg vil døy for han.

Myndigheitene skuldar Gülen-rørsla, eit mektig nettverk leia av den muslimske predikanten Fethullah Gülen, for å stå bak kuppforsøket. Også Ünal er overbevist om det.

– Dei finst overalt i staten, også i militæret. No har dei fått soldatar til å angripe sivile og politiet. Korleis skal politiet og soldatar stå saman framover? spør Ünal.

Opposisjonspartiet CHP, som i si tid var grunnlagt av landsfaderen Kemal Atatürk, gjekk ut måndag og sa at det er viktig å ikkje svartmåle militæret. Dei stod tradisjonelt svært nær militæret som forsvararar av ein sekulær stat.

Den tyrkiske hæren

Medlemmer frå den tyrkiske hæren marsjerer søndag etter ein gravferd for falne etter kuppet i Ankara. Hæren har tradisjonelt hatt ei spesiell og stor rolle i den tyrkiske republikken.

Foto: BAZ RATNER / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt