Hopp til innhold

– Eit tidsspørsmål før nokon slapp igjennom tryggingsapparatet

Over 3000 personar er på lista til det britiske politiet over potensielle terroristar i landet. Det var berre eit tidsspørsmål før ein av dei slapp gjennom tryggingsapparatet, meiner terrorekspert.

Atle Mesøy

Atle Mesøy er terroranalytikar i Uturn.

Foto: Camilla Wernersen / NRK

Politiet trur gjerningsmannen er død, og at han var utstyrt med ei heimelaga bombe. Han tok med seg over 20 menneske i døden etter at artisten Ariana Grande hadde gått av scena i Manchester seint i går kveld.

Laster Twitter-innhold

– Dersom det stemmer at bomba gjekk av i foajeen til Manchester Arena så er det ein svikt i rutinane.

Det seier Atle Mesøy som er terroranalytikar og dagleg leiar for Uturn, som jobbar med førebygging av valdeleg ekstremisme og radikalisering.

Ifølge Manchester Arena skjedde eksplosjonen utanfor arenaen, på offentleg stad. Det britiske jernbanepolitiet seier eksplosjonen skjedde i foajeen på arenaen. BBC skriv at det eksploderte i dét folk var på veg ut frå konserten.

Politiet i Storbritannia trur gjerningspersonen utførte åtaket åleine, men er ikkje sikre på om han hadde planlagt det åleine.

Grafikk Manchester Arena
Foto: Vidar Kvien / NRK

– Eit spørsmål om tid

Mesøy fortel at terrororganisasjonar som til dømes IS sender ut oppmodingar om terror heile tida. Og at det var eit spørsmål om tid før nokon slapp igjennom tryggleiksapparatet til Storbritannia.

– Det er om lag 3000 menneske i Storbritannia som styresmaktene held auge med. Då kjem det til slutt eit punkt der nokon slepp igjennom. Det er umogleg å overvake alle 24 timar i døgnet, seier Mesøy.

Han seier åtak som det vi såg i Manchester i går er svært vanskelege å oppdage på førehand.

– Både om dei har handla åleine eller stått saman med mange, så har styresmaktene problem med å overvake all kommunikasjon.

Two women wrapped in thermal blankets stand near the Manchester Arena, where U.S. singer Ariana Grande had been performing, in Manchester, northern England, Britain

Svært mange born og unge var på konserten i går kveld.

Foto: Andrew Yates / Reuters

Skjerpar tryggleiken

Arenaen kan ta rundt 18.000 tilskodarar og er den største innandørsscenen i Manchester. Den er knytt saman med Victoria stasjon. 23 år gamle Grande er for tida på Europa-turné, og mange unge fans hadde funne vegen til konserten.

Over 400 væpna politikonstablar skal patruljere gatelangs i Manchester etter angrepet ved Manchester Arena, ifølge Sky News.

Ariana Grande

Ariana Grande hadde akkurat gått av scena då eksplosjonen skjedde. Her frå ein konsert i New York i 2015.

Foto: ELSA / Afp

Det er i tillegg sett opp vegsperringar, og Victoria Station i Manchester er stengt inntil vidare.

Dei politiske partia i Storbritannia utset valkampen inntil vidare etter eksplosjonen i Manchester. Det er planlagt val i Storbritannia 8. juni. Statsminister Theresa May har kalla inn til krisemøte i etterkant av angrepet.

SISTE NYTT

Siste nytt