Hopp til innhold

– Eit hardt slag for Assad

Sjølvmordsangrepet i Damaskus er eit hardt slag for president Bashar al-Assad, slår analytikar Helge Lurås fast. Ifølgje han er presidenten heilt avhengig av lojalitet internt i regimet.

SYRIA-CONFLICT-UNREST

Når tilliten sviktar, byrjer regimet å slå sprekkar, seier analytikar Helge Lurås til NTB etter at ein av livvaktane til Syrias president gjennomførde ein dødeleg sjølvmordsaksjon i Damaskus i dag.

Foto: Afp

Det var ein livvakt som stod bak sjølvmordsangrepet i Damaskus onsdag, ifølgje ei kjelde i dei syriske tryggingsstyresmaktene. Både forsvarsministeren, Daoud Rajha, og svogeren til president Bashar al-Assad er blant dei drepne i åtaket.

I tillegg er innanriksministeren såra i det som er det største og mest alvorlege slaget mot Assad-regimet sidan opprøret braut ut i mars i fjor.

Slike angrep undergrev moralen internt i regimet, og konsekvensen kan bli at fleire hoppar av, meiner Helge Lurås, som er leiar ved Senter for internasjonal og strategisk analyse (SISA).

– Regimet slår sprekkar

Helge Lurås

Helge Lurås er leiaren for Senter for internasjonal og strategisk analyse (SISA).

Foto: NUPI

– Det er lojaliteten internt som avgjer kor raskt regimet fell. Når tilliten sviktar, byrjer regimet å slå sprekkar, seier Lurås til NTB.

No er sjansane minimale for at president Bashar al-Assad skal klare å attvinne kontrollen i heile Syria, meiner han.

Den frie syriske hæren, som er den største væpna opprørsgruppa i Syria, har uttalt at ein storoffensiv mot Damaskus no er i gang. Men Lurås er likevel ikkje sikker på at det er det endelege slaget om Damaskus vi er vitne til no.

– Eg trur ikkje vi skal ta det for gitt at vi ser det same i Damaskus no som vi såg i Tripoli i fjor, seier han.

I Tripoli gjennomførte opprørarane eit nøye planlagt angrep.

– Det vi ser no, kan vere eit krafttak frå opprørarane si side på å skape eit inntrykk av at Assads dagar er talte, seier Lurås.

Kai Kverme

Forskar og Midtausten-ekspert Kai Kverme åtvarar mot å tolka dagens attentat som ein snarleg død for det syriske regimet.

Foto: Nyhetsspiller

– Må ikkje tru på snarleg slutt

Midtausten-ekspert og forskar ved Universitetet i Oslo (UiO), Kai Kverme, gir Lurås rett i at dagens åtak er eit veldig hardt slag for regimet.

– Dette råkar kjernen av det syriske regimet, ikkje minst svogeren til Assad som har ein nøkkelposisjon i regimet, seier Kverme.

Den russiske utanriksministeren har også omtalt dette som eit avgjerande slag. Er du av same oppfatning?

– På mange måtar er det avgjerande. Ein må ikkje tru at dette blir avgjort veldig fort, men dersom ein greier å gjennomføra aksjonar som dette og regimet i tillegg mistar kontrollen over bydelar i hovudstaden, er det ein heilt umogleg situasjon for regimet, svarar Kverme.

Å overgje seg, har lenge vore det einaste alternativet for presidenten, som tviheld på makta trass i 16 månader med kraftige opptøyar mot han.

– Men eg trur diverre at han, på lik linje med Gaddafi, vil nekta å overgje seg. Dette er eit regime som har stått bak grusomme lovbrot. Han vil heilt klart bli straffa hardt dersom han overgjev seg, seier Kverme.

– Han har sjløv signalisert at han og regimet ikkje er villige til å gå inn på ei politisk løysing, men snarar prøva å slå ned på dette med militær makt. Diverre trur eg me har meir vald i vente, avsluttar han.

SISTE NYTT

Siste nytt