Hopp til innhold

– Eit enormt nederlag for dei tradisjonelle partia

Frankrike-ekspert Marte Mangset meiner at Sosialistpartiet og Det konservative partiet har lidd eit enormt nederlag i presidentvalet. Sosialistpartiet står i fare for å bryte saman, seier ho.

Francois Fillon.

François Fillon, kandidaten til Dei konservative, vedgjekk nederlaget i ein tale frå partihovudkvarteret i kveld.

Foto: Christophe Archambault / AFP

Sosialistpartiet og Dei konservative har i heile den moderne historia til den franske republikken skifta på å ha presidenten. No er begge partia ute av dansen. Den avgjerande runden i presidentvalet om 14 dagar ser ut til å stå mellom sentrumskandidaten Emmanuel Macron og Nasjonal Front-leiaren Marine Le Pen .

Frankrike-ekspert Marte Mangset.

Frankrike-ekspert Marte Mangset trur Emmanuel Macron blir Frankrikes neste president.

Foto: HiOA

Det er særleg Sosialistpartiet som no går ei uviss framtid i møte, ifølgje Marte Mangset. Ho er forskar ved Høgskolen i Oslo og Akershus, der ho blant anna har politikk, elitar og byråkrati i Frankrike som sine fagfelt.

– Kan bryte saman

– Det er uvisst om heile partiet vil bryte saman, om dei held fram som før eller om det vil oppstå eit nytt parti i ruinane av det gamle. Det er også mogleg at sentrale figurar kan gå inn i partiet til Macron. Men det vil uansett kome eit krav om at dei gamle toppane må gå, seier ho til NRK.

Sosialistpartiet sin kandidat Benoît Hamon fekk berre 6,2 prosent av røystene i første valomgang.

Når det gjeld Dei konservative, så har Marte Mangset inntrykk av at det var personen François Fillon og ikkje partiet i seg sjølv, som førte til nederlaget. Ho trur årsaka til at Fillon tapte var skuldingane om at fleire familiemedlemer hadde fått lønn for arbeid i parlamentet, utan at dei hadde jobba for pengane.

Marine Le Pen.

Marine Le Pen sender slengkyss til tilhengjarane sine etter suksessen i første omgang av presidentvalet.

Foto: Frank Augstein / AP

Frankrike-forskaren trur no alt ligg til rette for at Emmanuel Macron vil bli Frankrikes neste president.

– Kan vinne om fem år

– Alle meiningsmålingar tyder på at Macron vil få over 60 prosent av røystene i andre valomgang. Sjølv om meiningsmålingane kan ta feil, så verkar det umogleg for Le Pen å få støtte frå over 50 prosent av veljarane. Men Marine Le Pen har normalisert partiet på måte som gjer at det er sannsynleg at ho kan vinne ved neste korsveg om fem år, seier Mangset.

Ho viser til at sist Nasjonal Front kom til andre valomgang også i 2002 og då med partigrunnleggjaren Jean Marie Le Pen som kandidat. Han fekk han berre 20 prosent av røystene. Dette takka vere ein felles republikansk front mot Nasjonal Front.

– I andre valomgang i år kan ho få over 40 prosent av røystene. Det er ein enorm framgang i forhold til 2002. Emmanuel Macron har starta eit heilt nytt parti. Han kan kome til å slite med det parlamentariske grunnlaget sitt. Det kan styrke Marine Le Pen ved det neste presidentvalet. Då er det ikkje lenger sikkert at dei andre partia kan hindre henne i å ta over presidentstolen, seier Marte Mangset.

Emmanuel Macron.

Emmanuel Macron er storfavoritt til å vinne andre og avgjerande runde av presidentvalet i Frankrike om to veker.

Foto: Christian Hartmann / Reuters

Ho har inntrykk av at Marine Le Pen, trass i at det er ein del internt som meiner ho har nærma seg for mykje dei etablerte partia, sit trygt som leiar.

Le Pen: – Frankrikes framtid står på spill

– Profesjonell og vellukka

Jean-Luc Melenchon.

Venstrekandidaten Lean-Luc Melenchon helsar tilhengjarane sine under valvaken i kveld.

Foto: Francois Mori / AP

– Marine Le Pen er ein veldig profesjonell og vellukka politikar. Det er dei som står for ei hardare like i partiet, som blant anna meiner det var feil å stengje ute faren Jean Marie Le Pen, men eg trur ho står ganske støtt, avsluttar Marte Mangset.

Raino Malnes, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og Frankrike-ekspert, er samd i at Emmanuel Macron har stor sjanse til å bli Frankrikes neste president. Men han trur ikkje at veljarane til venstrekandidaten Jean-Luc Melenchon automatisk vil støtte Macron.

– Det er ein god del folk langt ute på venstresida som har Le Pen som andreval. Eg trur at ganske få av veljarane til Melenchon vil røyste på han. Ein del vil røyste på Le Pen, medan andre vil sitje heime, seier Raino Malnes til NTB.

Valdagsmålingane viser at Melenchon fekk rundt 18 prosent av røystene ved valet i dag.

Sammentøt mellom demonstranter og politi i Frankrike

Taperne går ut mot Le Pen

SISTE NYTT

Siste nytt