Hopp til innhold

– Eit «nei» er starten på slutten for euroen

Hellas leverte i dag nok eit utkast til reformplan for den greske økonomien. Statsminister Alexis Tsipras seier ein negativ respons på utkastet er starten på slutten for eurosona.

Greece Bailout Alexis Tsipras

Alexis Tsipras meiner heile eurosona står for fall om Hellas får nei for sine reformforslag.

Foto: Petros Giannakouris / Ap

– Om ein ikkje lukkast med å få til ein avtale som reddar Hellas frå sitt overskuggande misleghald, så vil det vere byrjinga på slutten for eurosona, sa Tsipras til den italienske avisa Corriere della Sera.

– Marknaden vil sjå etter neste offer

Utsegna kan på mange måtar tolkast som eit forsøk på å legge press på kreditorane som no skal vurdere Hellas sitt reformforslag.

– Om europeiske leiarar ikkje kan handtere eit problem som Hellas, korleis vil marknaden då reagere når eit større land som Italia og Spania står overfor problem? Om Hellas går konkurs, så vil marknaden automatisk sjå etter neste offer, seier Tsipras til avisa.

EUROZONE-GREECE/ European Union flag and a Greek national flag flutter in Athens

Hellas og EU er ikkje bestevener for tida. Ei gresk finanskrise kan velte heile eurosamarbeidet.

Foto: KOSTAS TSIRONIS / Reuters

Det internasjonale pengefondet og EU har lenge forhandla med dei nye styresmaktene i Hellas for å prøve å finne ei løysing på den langvarige og djupe økonomiske krisa i det søreuropeiske landet.

Hellas forkasta førre forslag

Hellas ønskjer å få utsette nedbetaling på sine lån, og få til nye låneavtaler, men det vert stilt krav til gjennomføring av greske reformer.

Hellas har tidlegare levert frå seg utkast til reformer, men partane har framleis ikkje blitt einige. I dag erfarer nyheitsbyrået AFP at grekarane skal ha levert frå seg eit nytt utkast til kreditorane.

Førre reformforslag frå kreditorane vart forkasta av grekarane og kalla både absurd og urealistisk.

Også tema på G7

Den greske finanskrisa, som på mange måtar også er ei europeisk krise, var også tema på G7-møtet i Tyskland i går. Då sa Tysklands forbundskanslar, Angela Merkel, at det ikkje er mykje tid att før ein må finne ei løysing på den greske krisa.

EUROZONE-GREECE/ Orthodox priest walks in front of the parliament building in Athens

Det er harde dagar for dei som jobbar i det greske parlamentet.

Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / Reuters

– Me må jobbe hardt med dette, sa Merkel, som saman med Frankrikes president François Hollande skal møte Tsipras til samtaler i morgon.

Også USAs president Barack Obama har blanda seg inn i krisa og gitt grekarane beskjed om at det no er tid for å ta tøffe og vanskelege val, og at det er naudsynt for å unngå at eurosona hamnar uti total kaos og til slutt tek slutt.

Kva det nye reformforslaget frå Hellas inneheld er ikkje kjent, og det er heller ikkje kjent når grekarane vil få svar frå kreditorane.

SISTE NYTT

Siste nytt