Hopp til innhold

– Ein strengt iscenesett seremoni

Fredsprisvinnar Liu Xiaobo blei laurdag morgon bisett i ein enkel seremoni med vener og familie. Det var i alle fall det bodskapet kinesiske styresmakter ville få fram då dei stelte i stand ei pressekonferanse i etterkant.

China Liu Xiaobo

Eit av fleire bilete som blei send ut saman med ei pressemelding frå styresmaktene om bisetjinga av den kjende kinesiske aktivisten.

Foto: Mark Schiefelbein / AP

– Etter å ha stilt Liu Xias [kona til Liu Xiaobo] sørging til åsyn framfor kamera, går representanten frå styresmaktene av scena. Ingen spørsmål, skriv Tom Philips, Kinakorrespondent for The Guardian, på Twitter, etter laurdagens pressekonferanse som følgde bisetjinga av Liu Xiaobo.

Liu døydde torsdag etter kort tids sjukeleie, og laurdag morgon blei oska hans spreidd i havet, i tråd med lokal tradisjon.

Men at venene til aktivisten var til stade stemmer ikkje, ifølge The Guardians Kina-korrespondent, som har snakka med vener og aktivistar.

Eit forsøk på å stilne kritikken

Patrick Poon frå Amnesty International Kina seier det same, og seier at han ikkje kjenner att dei som er på bileta frå seremonien, utanom nære familiemedlemmer. Han skal også ha kjent att minst ein representant frå sikkerheitspolitiet blant dei.

Liu Xiaobo blei bisett kl. 06.30 laurdag morgon til tonane av Mozarts «Requiem», og oska hans blei deretter spreidd i havet, ifølge ei pressemelding frå kinesiske styresmakter.

Ved å spreie oska på havet forsvinn alle spor av fredsprisvinnaren, som er akkurat det kinesiske styresmakter ønsker, ifølge tilhengarar av Liu Xiaobo.

China Liu Xiaobo

Aktivistar verda over er no uroa for situasjonen til Liu Xia, enka etter Liu Xiaobo. Her gjer dei i stad urna til Liu før oska hans blir spreidd i sjøen.

Foto: Mark Schiefelbein / AP

Pressemeldinga og ein serie av bilete som følgde med var siste fase i det som står fram som eit forsøk frå den kinesiske regjeringa på å imøtegå kritikken frå utlandet om at dei ikkje har opprådt humant mot den fengsla dissidenten.

Medan Liu etter sin død er hylla over heila verda som ei forkjempar for demokrati og politiske reformer i Kina blir han nesten ikkje nemnd i kinesisk presse, og sensuren i sosiale medium skal ha vore trappa opp dei siste dagane for å luke ut hyllestar av fredsprisvinnaren.

Kampen held fram for enka til Liu Xia

Pressekonferansen starta med at den eldste broren til Liu Xiaobo takkar kommunistpartiet djupt for hjelpa med bisetjinga.

Laster Twitter-innhold

– Ein hån mot verdigheita, kallar Nicholas Bequelin, leiar for Amnesty International i Aust-Asia, pressekonferansen. Organisasjonen har no ein kampanje for å fri kona til den avdøde aktivisten.

Kunstnaren og aktivisten Ai Weiwei brukar like sterke ord, og kallar det avskyeleg og at dei krenker den avdøde.

Liu Xia har sete i husarrest sidan 2010, og har ikkje vist seg offentleg sidan Lius bortgang før i dag, noko som har uroa mange for situasjonen hennar. Både USA og EU har bede regjeringa i Kina om å sleppe ho fri og å la ho forlate Kina.

– Etter det eg veit er ho ei fri kvinne, sa ein talsmann for styresmaktene i Shenyang laurdag, og la til at ho er i djup sorg og ikkje bør bli forstyrra av utanforståande.

Vener og med-aktivistar avviser dette, og oppmodar til å halde fram å kjempe for Liu Xia.

SISTE NYTT

Siste nytt