NRK Meny
Normal

– Ein skuleklasse blant dei omkomne

Flyet som styrta i Alpane ligg så utilgjengeleg til at ein berre kan nå vraket til fots eller med helikopter. Ein skuleklasse og to spedbarn kan vere blant offera.

Helikopterbilete viser området kor flyet skal ha styrta

Dei første helikopterbileta er gjort tilgjengelege og viser det vanskelege terrenget. Vrakstaden ligg knappe 40 minutt gonge frå næraste veg, og ligg i eit særs utilgjengeleg område.

Bilete frå staden viser bratte fjellsider og snødekte fjell. Flyet skal vere knust i tusenvis av bitar, fortel folk på staden. Den største flydelen skal vere på storleik med ein bil.

Flyet har gått ned i eit område kor det er vanskeleg for hjelpemannskap å kome til, og det vil ta fleire dagar å få oversikt over staden der flyet har krasja, seier franske styresmakter.

FRANCE-GERMANY-SPAIN-AVIATION-ACCIDENT

Fleire helikopter er til stades for å hjelpe til i leitinga etter flyet. Ein kan berre kome seg til vrakstaden ved hjelp av helikopter, eller ved å gå.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / Afp

Den franske avisa La Provence skriv at vraket ligg mellom 35 og 40 minutts gonge frå næraste veg. Det er såpass vanskeleg å kome seg fram til vraket at den einaste måten å kome seg dit på, utan å gå til fots, er ved hjelp av helikopter.

FRANCE-CRASH/GERMANY-SCHOOL Students gather in front of lit candles outside the Josef-Koenig-Gymnasium high school in Haltern am See

Mange elevar samles og tenner lys utanfor Joseph-König Gymnasium, der 16 av passasjerane på flyet som styrta skal ha vore elevar.

Foto: KIRSTEN NEUMANN / Reuters

Fleire medium skriv no at 16 av dei 150 offera i styrten er skuleungdom som var på veg heim til Tyskland etter ein klassetur til Katalonia.

– Me har sterke mistankar om at dei kan ha vore om bord, men me har førebels ingen offisiell informasjon om dette, seier ei talskvinne for Haltern am See, som er byen kor ungdommane gjekk på skule.

To av passasjerane er også spedbarn, opplyste Germanwings på ein pressekonferanse i dag. Dei sa også at 67 av passasjerane er tyskarar, medan 45 skal vere spanjolar.

Laster Twitter-innhold
FRANCE-CRASH/ French Police and Gendarmerie Alpine rescue units gather on a field as they prepare to reach the crash site of an Airbus A320

Hjelpemannskap og militærpoliti er på staden for å bidra i leitinga etter flyvraket.

Foto: JEAN-PAUL PELISSIER / Reuters

Spanskekongen avlyste sitt statsbesøk

Den franske samferdselsministeren seier at alle dei 150 om bord har mista livet.

– Det er ei tragedie – ei ny luftfartstragedie. Me skal finne ut kva som har skjedd og dele det med regjeringane i Tyskland og Spania, og sjølvsagt alle dei etterlatne, seier president i Frankrike François Hollande.

Han fekk i dag beskjed om flystyrten berre kort tid etter at eit offisielt statsbesøk frå den spanske kongen Felipe starta.

45 av passasjerane på flyet skal vere spanske, og Kong Felipe bestemte seg i ettermiddag for å avlyse besøket til Frankrike og reise tilbake att til Spania.

– Høyrde eit brak

Så langt har ein ikkje klart å finne sjølve flyvraket, men vrakbitar er funne. Fleire helikopter er i lufta over staden kor flyvraket skal finne seg.

– Flyet styrta berre to kilometer herfrå. Høgt oppi fjellet. Det var eit høgt brak, og deretter heilt stille. Eg trudde først det kom eit jagarfly som jamleg trenar i dette området, seier eigaren av ein lokal campingplass som Al Jazeera har snakka med.

Også eit anna augevitne observerte flyet før det styrta i fjellet.

– Eg ikkje så mykje. Eg såg flyet kanskje i to til tre sekund. Det flaug veldig lågt, kanskje 1500–2000 meter. Og det såg ut som det var på veg ned. Eg sa til meg sjølv at det ikkje kom til å kome seg over fjellet, seier sagbrukseigar Sébastien Giroud til La Provence.

François Hollande understreka i ein tale til folket at området er lite tilgjengeleg, men at ein gjer alt ein kan for å finne vraket så snart som mogleg.

Også Germanwings sin administrerande direktør har gjort det klart at dei skal gjere alt dei kan for å finne ut kva som har skjedd.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt