– Eg sender ei republikansk helsing til rivalen min, Madame Le Pen

Emmanuel Macron brukte sin første tale som påtroppande president til å strekke ut ei hand til den andre sida av eit splitta politisk Frankrike søndag kveld – ei splitting han anerkjenner.

FRANCE-ELECTION/

Ein nyvalt president var tydeleg prega av alvor då han talte frå sitt hovudkvarter søndag kveld.

Foto: POOL / Reuters

– Etter ein lang demokratisk konfrontasjon har de valt å gi meg dykkar tillit, sa ein nyvalt president tydeleg prega av stundas alvor då han talte i En Marche-rørsla sitt hovudkvarter søndag kveld, berre ein time etter at stemmelokala stengde.

Emmanuel Macron takka dei som hadde stemt på han – ifølge prognosane mellom 65,1 og 66,1 prosent, og sa at det er ei stor ære, og eit stort ansvar.

Vil føre eit splitta folk saman

– Eg vil legge all min flid og all min energi for å vere verdig dykkar tillit, sa han til dei som hadde stemt på han, før han vende orda sine mot heile det franske folk.

– Mange vanskar har svekka oss i lang tid. Eg undervurderer ingenting av dette; verken dei økonomiske vanskane eller dei sosiale skilja, verken det demokratiske underskotet eller den svekkinga av motet, og la til at han respekterer dei som har stemt på Le Pen.

FRANCE-ELECTION/ A supporter of Marine Le Pen, French National Front political party candidate for French 2017 presidential election, wipes her eyes in the Chalet du Lac in the Bois de Vincennes in Paris

Ein skuffa veljar på Le Pen si valvake. Macron prøvde å rekke ut ei hand mot også desse veljarane i sigerstalen sin.

Foto: PASCAL ROSSIGNOL / Reuters

– Det er eit sinne, ein uro, og ein tvil som ein stor del av dykk har uttrykt. Det er ansvaret mitt å lytte til dykk, sa Macron, som la til at han vil sørge for at alle skal kjenne seg trygge i eit land som står samla.

Leiaren av den største fagforeininga i Frankrike, CFDT, sa etter at valresultatet verka klart søndag kveld at Macron ikkje må vende det døve øyret til veljarane sine sosiale bekymringar.

Macron snakka vidare om det felles ansvaret dei har i å forvalte historia til Frankrike

– Eg vil forsvare Frankrike, dets vitale interesser, dets image, dets bodskap – eg tar på meg denne oppgåva framføre dykk, sa Macron, og heldt fram med at han også vil forsvare Europa, dette fellesskapet skjebnen har gitt folket på kontinentet vårt.

Det er sivilisasjonen vår som er i spel, sa Macron, og brukte same ordet som rivalen Le Pen, som har omtala dette som eit sivilisasjonsval.

– Jobben startar i morgon

– I dykkar namn sender eg ei broderleg helsing til alle verdas land. Eg vil seie til leiarane deira at Frankrike vil vere til stades og opptekne av fred, maktbalanse og internasjonalt samarbeid, i respekt for dei tiltaka som er gjort når det gjel utvikling og kampen mot global oppvarming.

Macron la til at Frankrike vil vere i første rekke i kampen mot terrorisme, både på fransk jord og internasjonalt.

Macron-valgvake ved Louvre

Stor stemning ved Louvre på Macron si valvake

Foto: Marit Kolberg / NRK

– Kjære landsmenn. Eit nytt kapittel i vår historie startar i kveld. Eg vil at det skal handle om håp og å vinne tilbake tilliten. Fornyinga av vårt offentlege liv vil gjere seg gjeldande for oss alle frå i morgon, sa Macron, og la til at moral, anerkjenning av pluralisme og demokratisk vitalitet vil vere sentralt for han.

Macron takka også president François Hollande, hans tidlegare sjef som han seinare har prøvd å skilje seg frå politisk. Macron avslutta talen som seg høyr og bør med eit «Vive la France, vive la république» før han tok turen til tilhengarane som venta han på valvaka utanfor Louvre.

Blant folk på plassen utanfor museet var det mange som dansa, klemte kvarandre og jubla. De ropte "vi har vunne", men det var også andre som så meir oppgitte ut. De nikka da den nye presidenten snakka til de som hadde stemt på ham for å stanse Le Pen.

Feiring foran Louvre etter presidentvalg

Feiring utanfor Louvre etter presidentvalet

Foto: Marit Kolberg / NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt