Normal

– Eg har aldri kjent meg spansk

I skuggen av dei dramatiske hendingane i Barcelona denne helga, med sjølvstendeerklæring og store demonstrasjonar, feirar nabobyen Girona sin årlege Fiesta, til ære for skytsengelen St. Narcis. – Eg har aldri kjent med spansk, seier ei kvinne.

Carles Puigdemont og kiona Marcela Topor.

Den avsette katalanske presidenten Carles Puigdemont og kona Marcela Topor vart godt mottekne i Girona, der sjølvstendekravet har sterkt støtte.

Foto: Rafael Marchante / Reuters

Girona er den nest største byen i Catalonia etter Barcelona. Det er også heimbyen til den avsette katalanske presidenten Carles Puigdemont. Søndag feira dei med god mat og vin, musikk, karneval og opptog, og mange av deltakarane i byfesten hyllar også sjølvstendeerklæringa som regionparlamentet vedtok fredag.

– Eg har aldri kjent meg spansk, seier ein av festdeltakarane, den grafiske designaren Anna Faure. Ho ser på eit opptog av det i Catalonia kallar castells, den gamle tradisjonen med menneskelege tårn, som utfordrar tyngdekrafta.

Katalansk tradisjon

Menneskelege tårn i Catalonia.

Den katalanske skikken med menneskelege tårn blir halden i hevd. her frå ein parade i Barcelona tidlegare i år.

Foto: Francisco Seco / AP

– Dette er ein katalansk tradisjon. Eg likar ikkje spanske tradisjonar som tyrefekting. Flamenco er OK, men det er likevel ikkje min dans, seier ho til nyheitsbyrået AP.

Mange av dei 7,5 millionar innbyggjarane i Catalonia meiner bestemt at det katalanske språket, historia og kulturtradisjonane, ja til og med katalansk humor, er heilt ulikt det dei har i resten av Spania.

Knapt flertall for partier mot uavhengighet

Katalanske politikere vedtok uavhengighet

Kjenslene av å stå utanfor resten av Spania har blanda seg med ei blanding av såra stoltheit, økonomiske vanskar og ei sterk motvilje mot styresmaktene i Madrid. Dette er kjensler som har skapt kreftene som no kan splitte den spanske staten.

Illustratøren Judit Alguero er ei av dei som meiner Madrid i beste fall har forsømt Catalonia, og i verste fall er fiendtleg innstilt til regionen.

– Det ville aldri ha gått så langt om dei ikkje hadde behandla oss dårleg i så mange år, seier ho.

Mange i Girona var glade for sjølvstendeerklæringa.

Mange i Girona var glade for sjølvstendeerklæringa sist fredag, og det katalanske flagget vaiar over alt i byen.

Foto: Rafael Marchante / Reuters

Franco-diktaturet

Mistilliten til dei sentrale styresmaktene i Madrid går langt tilbake, spesielt tenkjer mange katalanarar på det diktatoriske regimet til Francisco Franco mellom 1939 og 1975. Franco la ned forbod mot å bruke det katalanske språket og kasta politiske motstandarar i fengsel.

Undertrykkinga under Franco er ein del av familiehistoria til mange katalanarar.

Barneskulelæraren Ariadna Piferrer fortel at bestemora hennar vart banka opp for at ha snakka katalansk på skulen.

– Ved at vi no har erklært sjølvstende, så oppfyller vi draumen til besteforeldra våre. Og det er viktig for oss, seier ho.

Etter at Franco vart borte, utvikla Spania seg til eit demokrati. Catalonia fekk ei form for sjølvstyre, med sitt eige parlament, sin eigen politistyrke og kontroll over utdanningsinstitusjonane.

Tanken om sjølvstende vart meir og meir borte. Ei måling i 2000 viste at berre rundt 15 prosent av innbyggjarane støtta eit krav om sjølvstende.

Økonomisk krise

I dei siste åra har ting endra seg. Ei alvorleg økonomisk krise har ramma Spania, og det har vorte stadig meir politisk strid mellom Barcelona og Madrid. Spesielt etter at grunnlovsdomstolen i 2010 avgrensa det katalanske sjølvstyret.

Den økonomiske krisa har ramma hardt i også Catalonia, eit område som tradisjonelt har vore blant dei rikaste i Spania. Mange katalanarar meiner dei ikkje har fått nok igjen frå Madrid i forhold til det dei har betalt inn.

Andrew Dowling, ekspert på katalansk historie ved universitetet i Cardiff i Wales, seier at 13.000 verksemder gjekk dukken i 2009. Dette førte til at mange moderate nasjonalistar i regionen no er tilhengjarar av lausriving, seier han til AP.

– Den økonomiske krisa gjorde katalanarane forbanna, og det har vore ei utbreidd meining at krisa skuldast at dei ikkje har hatt kontroll over økonomien sjølve, legg han til.

'

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt