Hopp til innhold

– Eg er her og ikkje i Venezuela

Libyas diktator dei siste 41 åra, Muammar Gaddafi, sa på libyisk fjernsyn i natt at han er i Tripoli, og ikkje i Venezuela, slik det vart meldt tidlegare måndag.

Gaddafi viste seg på fjernsyn måndag kveld

Diktator Muammar Gaddafi har ingen planar om å trekkje seg.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Gaddafi var direkte inne på det libyiske statsfjernsynet like etter klokka 01 norsk tid.

Det einaste diktatoren sa var at han var i Tripoli, og ikkje i Venezuela.

– Eg vil vise at eg er i Tripoli, og ikkje i Venezuela. Ikkje høyr på TV-kanalane som er eigde av laushundar, sa Gaddafi.

Gaddafi held ein paraply og er i ferd med å setje seg inn i ein kvit bil i det han kjem med den korte bodskapen sin.

– Eg ville seie noko til ungdommen på Den grøne plass og vere seint oppe saman med dei, men så starta det å regne. Takk gud for det, sa den libyske leiaren.

Nektar å gå trekkje seg

Fjernsynsklippet med Gaddafi varte i 22 sekund, og var etter rapportane teke opp utanfor heimen hans.

Måndag verserte rykte om at Gaddafi skulle ha reist frå Libya, og at han var på veg til Venezuela. Begge land har avvist opplysningane.

Etter ein dag med blodige samanstøytar og demonstrasjonar i mange byar, er det ikkje mogleg å tolke dette på nokon annan måte enn at Gaddafi på ingen måte har tenkt å gi seg.

Ville avvise «vonde rykte»

Før sendinga vart det gjort klart at han ville slå tilbake mot det han kallar «falske og vondskapsfulle rykte» om luftangrep mot Tripoli , som er kringkasta over heile verda, ifølgje den arabiske fjernsynskanalen Al Arabiya.

Samtidig som det kom meldingar om luftangrepet, viste libysk fjernsyn bilete av ein demonstrasjon til støtte for Gaddafi på Den grøne plass i Tripoli.

Følg det som skjer i Libya tysdag 22. februar HER .

Libysk fjernsyn viser bilder av Gaddafi-tilhengere

Libysk fjernsyn viste desse bileta frå Tripoli i går. Medan resten av verda meldte om bombeangrep mot byen, viste dei bilete av ein demonstrasjon til støtte for Gaddafi.

Foto: - / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt