Hopp til innhold

Tryggingsrådet: – Ebola ein global trugsel

FNs Tryggingsråd meiner ebolakrisa som utviklar seg i Vest-Afrika er ein global tryggingstrugsel. Land verda rundt vert no bedne av FNs mektigaste organ om å bidra med naudhjelp.

Ebola Timeline Of A Crisis

To helsearbeidarar er på gata i Conakry i Guinea for å lære folk korleis dei best kan verne seg mot ebolasmitte. No må heile verda hjelpe til, seier FNs Tryggingsråd.

Foto: Youssouf Bah / Ap

HEALTH-EBOLA/UN U.S. Ambassador to the U.N. Samantha Power raises her hand in a vote during the Security Council meeting on the Ebola crisis in New York

Samantha Power er amerikansk FN-ambassadør og president i Tryggingsrådet denne månaden. Ho stemte i dag for ein resolusjon som oppmodar verda til å nedkjempe ebola, og som ber nabolanda til dei råka landa om å opne grensene att.

Foto: SHANNON STAPLETON / Reuters

Det var eit samrøystes Tryggingsråd som banka gjennom resolusjonen der FNs medlemsstatar og regionale organisasjonar vert bedne om å ta tak i kampen mot ebola.

Ber om å opne opp att grenser

– Me kan ikkje bu i ei verd der ein far vert avvist nør han kjem med sitt sjuke barn som treng hjelp, sa USAs FN-ambassadør Samantha Power under møtet.

Tryggingsrådet ber særskild regionale organisasjonar som EU, AU og den vestafrikanske samarbeidsorganisasjonen Ecowas om å reagere umiddelbart.

Nabolanda til dei råka landa vert bedne om å løfte på reiserestriksjonar og å opne grensene sine att. Og det vert også oppmoda til å starte opp att med fly- og båtreiser inn til Sierra Leone, Liberia og Guinea. Dette er tiltak Tryggingsrådet meiner er viktige for å halde landa i gang, og for å få inn naudsynt hjelp.

Ban Ki-moon med ny plan

På dagens møte var generalsekretær Ban Ki-moon til stades, og han gjorde det klart at ein ny plan i kampen mot det dødelege viruset vil settast i gang i slutten av september.

– Eg har bestemt meg for å etablere eit nytt helseprogram i FN, sa han og la til at programmet vil fokusere på pasienthandsaming, levering av naudsynte tenester og tiltak for at viruset ikkje skal spreie seg.

Resolusjonen som vart vedteken i Tryggingsrådet vart støtta av rekordmange land. Så langt har derimot den internasjonale responsen fått kritikk frå Legar utan grenser og andre internasjonale helseaktørar.

Men den siste veka har mellom anna USA offentleggjort at dei sender 3000 soldatar for å hjelpe til i Liberia, og Noreg auka i går si støtte med 60 ekstra millionar. Frå før av har Noreg gitt 20 millionar til kampen mot ebola.

I dag kom Verdas helseorganisasjon med nye tal på døydde. Så langt har 2.630 menneske mista livet på grunn av ebola. Det utgjer 49 prosent av dei 5347 ebolasmitta. I tillegg til Guinea, Liberia og Sierra Leone har det også vore smittetilfelle i Nigeria og Senegal.

SISTE NYTT

Siste nytt