Hopp til innhold

– Drap 17 i maskingeværuhell

Minst 17 personar skal vere drepne i den somaliske hovudstaden Mogadishu, etter at ein soldat ved eit uhell fyrte av eit maskindrive luftverngevær inn i ei folkemengde.

Somalia Fighting

Ein far står ved sjukesenga til sin skadde son.

Foto: Farah Abdi Warsameh / Ap

Mohamed Fiqi

Forsvarsminister Mohamed Fiqi lovar at dei skuldige skal bli straffa.

Foto: MUSTAFA ABDI / Afp

Soldaten skal ha krangla med kollegaer då han ifølgje augevitne fyrte av det maskindrive luftverngeværet. Våpenet skal ha låst seg, og eit regn av kuler trefte folk som var samla i gata.

Det er ikkje kome meldingar frå offisielt hald om kva som var årsaka til at våpenet vart avfyrt, men sjukehuspersonell kallar hendinga ei tragedie.

– Vi har teke imot 56 såra og 12 døde, i tillegg er fem personar døde etter at dei kom til sjukehuset, opplyser direktøren frå Medina-sjukehuset Mohamed Yusuf til nyheitsbyrået AFP.

Forsvarsminister Mohamed Fiqi i den somaliske regjeringa lovar at dei skuldige skal bli straffa, og at dei såra skal få hjelp.

Ein offiser fortel at dei uansett vil undersøkje det som har skjedd.

– Vi etterforskar korleis dette kan ha skjedd, og vi kan ikkje seie om soldaten avfyrte geværet ved eit uhell, eller om han drap desse menneska med vilje, seier Mohamed Ali.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt