Hopp til innhold

Familien reagerer sterkt på Pistorius-dommen

Foreldra til Reeva Steenkamp reagerer sterkt på dommen mot Oscar Pistorius. – Det er ikkje til å tru at dommaren har trudd på hans versjon av kva som hende, seier dei.

Oscar Pistorius utanfor rettslokalet i Pretoria.

Oscar Pistorius blir eskortert ut av rettslokalet av politifolk.

Foto: GIANLUIGI GUERCIA / Afp

Det er ikkje tvil om at Oscar Pistorius avfyrte skota som tok livet av Reeva Steenkamp, men dommar Thokozile Masipa sa at det ikkje var mogleg å bevise at han meinte å ta livet av venninna denne februarnatta i 2013.

I eit intervju med fjernsynsstasjonen NBC seier mor til Reeva, June Steenkamp, at dommen ikkje har gitt dottera rettferd,

– Uforståeleg

June Steenkamp i retten.

– Dommen var uforståeleg, seier June Steenkamp, mor til offeret i saka.

Foto: Alon Skuy / Ap

– Eg vil berre ha fram sanninga. Han skaut henne gjennom badedøra. Ho leid ein forferdeleg, smertefull død, og det er uforståeleg for meg at dei kan seie at det var ei ulukke, seier ei sterkt prega June Steenkamp i intervjuet.

Saman med mannen Barry Steenkamp har ho fylgt rettssaka mot Oscar Pistorius. Dei reagerte med vantru då han vart funnen skuldig i aktlaust drap på kjærasten.

Barry Steenkamp, som sjølv er jurist, uttrykte også sterk overrasking av at det var Pistorius sin versjon av det som skjedde som vart trudd. Pistorius har forklart at han trudde det var ein innbrotstjuv på badet, og at han skaut gjennom baderomsdøra utan å vite at Reeva Steenkamp var der inne.

LES OGSÅ: Forsvaret hevder Pistorius skjøt i ren refleks

LES OGSÅ: «Blade Runner» er ikke psykisk ustabil

Kan unngå fengsel

Strafferamma for aktlaust drap i Sør-Afrika er 15 års fengsel, men ekspertar seier at han kan unngå fengselsstraff. Strafferettseksperten Martin Hood seier til den sørafrikanske fjernsynsstasjonen ENCA at han ikkje trur at Pistorius må sone i fengsel

Straffeutmålinga skjer 13. oktober, og fram til då er han sett fri mot kausjon.

Barry Steenkamp i rettten.

Barry Steenkamp, faren til Reeva Steenkamp, i retten like etter at dommen fall.

Foto: Alon Skuy / Afp

Også aktoratet er misnøgd med dommen, men det er førebels ikkje teke noko avgjerd om dommen skal ankast.

Familien til Oscar Pistorius, kjend som Blade Runner, var glade for at han vart trudd på at han ikkje skaut kjærasten med vilje. Onkelen til friidrettsstjerna sa på vegner av familien at dei var djupt takksame overfor dommaren, og at dei no kvar kvitt ei tung byrde.

LES OGSÅ: Pistorius forklarte seg detaljert om kjærestens dødsøyeblikk

LES OGSÅ: Pistorius brøt sammen da han forklarte seg om drapet på kjæresten

– Ingen vinnar

– Det er ingen vinnar i denne saka. Vi i familien er framleis djupt merkte av denne forferdelege hending. Det vil ikkje gi dei Reeva tilbake, men tankane våre går til familien hennar og venene hennar, la onkelen til.

June Steenkamp og Kim Martin i retten.

Mora June Steenkamp og kusina Kim Martin trøystar kvarandre i rettssalen.

Foto: Alon Skuy / Ap

Det var også demonstrasjonar mot dommen utanfor rettslokalet i Pretoria i dag, og blant demonstrantane var fleire grupper som kjempar for større rettar for kvinner i straffelova.

Vald mot kvinner er eit stort problem i Sør-Afrika, og kvinnegruppene brukte Reeva Steenkamp som eit eksempel på problemet med vald mot kvinner.

– Når slike saker kjem til retten, så tapar kvinnene alltid, seier ein demonstrant utanfor rettslokalet til BBC.

LES OGSÅ: – Reeva Steenkamp kan ha ropt om hjelp

SISTE NYTT

Siste nytt