– Kvart einaste år er det statar som avskaffar dødsstraff og talet på avrettingar går ned i dei fleste statane. Eg trur USA har avskaffa dødsstraff innan fem år.
Det seier leiaren av den franske organisasjonen ECPM, Raphael Chenuil-Hazan. I dag opna han den internasjonale konferanse om dødsstraff saman med utanriksminister Børge Brende i Oslo.
OPTIMIST: Raphael Chenuil-Hazan trur dødsstraff snart vil vere avskaffa i USA.
Foto: Ann-Iren Finstad / NRKTrass i at det framleis er 32 statar i USA som har dødsstraff, held Chenuil-Hazan fast på at det ikkje er for optimistisk.
12 av statane har av ulike grunnar ei pause i avrettingane, ifølge Death penalty information center.
– Vi må vere optimistiske når vi jobbar med eit område som er så vanskeleg som dødsstraff. Eg trur verkeleg at ein ny dommar inn i høgsterett kan opne dører. Samtidig må vi i USA overtyde i stat for stat. Og ikkje minst må vi overtyde 51 guvernørar, seier han.
Opinionen er i ferd med å endre meining, fortel han. For få år sidan var 80 prosent av folket for dødsstraff. No er det berre 50 prosent, hevdar han. Og legg til:
– Vi får draghjelp frå medisinske selskap som no motset seg at deira produkt blir brukt ved dødsstraff for å drepe folk, seier Chenuil-Hazan.
- Les også:
Rekordmange blei avretta i 2015
2015 var eit mørkt år for dei dødsdømte i verda. Det er 25 år sidan like mange blei avretta på eit år. Minst 1634 menneske, ifølgje Amnesty International.
Tidlegare i år presenterte dei ein dyster rapport. Der er Iran, Pakistan og Saudi-Arabia verstingane. Dei utførte til saman nesten 90 prosent av dei registrerte avrettingane i 2015.
Likevel, Amnesty International torer ikkje vere like optimistiske.
TRUR DET TAR LENGRE TID: Generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty trur han vil få oppleve at USA avskaffar dødsstraff.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix– Eg beundrar optimismen, men eg trur ikkje det går så fort. Eg er 55 år, og eg trur det vil skje i mi levetid. Vi ser at fleire statar har avskaffa dødsstraff, og at det blir mykje meir diskutert, seier generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty i Norge.
– Den store «game changeren» har vore DNA-bevis, som har ført til at ei rekke folk har vorte lauslatne frå death row. Det tyder på at det ligg ein del gravlagde som er uskyldige, seier Egenæs.
– Kva skal til for at den blir avskaffa?
– Folkemeininga beveger seg no, men USA trenger fleire politikarar som våger å stå fram i kampen mot dødsstraff. Ikkje sidan Michael Dukakis i 1988 har ein presidentkandidat vore imot dødsstraff, poengterer Egenæs.
Statistikken har også lyspunkt
Dei neste dagane samlar dødsstraff-konferansen over 40 ministrar og statsoverhovud på kongressen mot dødsstraff i Oslo.
– Det er positive trendar også. Kvart år ser vi at nye land som avskaffar dødsstraff. Vi håper verkeleg at USA skal vere eit av dei landa som følgjer etter, seier Raphael Chenuil-Hazan.
Nokon av dei som deltek på konferansen er Sunny Jacobs og Peter Pringle. Dei har begge vore dømt til døden for drap dei ikkje har gjort. Å få fram desse historiene er avgjerande for å forstå held Chenuil-Hazan fram:
– Historiene til dei som har levd med dødsstraff er viktig. Vi må forstå at bak dødsstraff er det menn og kvinner. Menneske som står ansikt til ansikt med dødsstraff. Dette er røynda for innsette, familiar og advokatar.
Ifølge Death penalty information center er 1436 personar avretta i USA sidan 1976.