Hopp til innhold

– Dødsfall i Spania er «big business»

Costa Blanca (NRK): – Dødsfall og gravferder er «big business» i Spania i langt større grad enn i Noreg, seier sjømannsprest i Torrevieja, Dag Magnus Hopstock Havgar. Rundt 200 nordmenn døydde i Spania i 2014.

Innslag i Dagsrevyen om nordmenn som dør i Spania.

VIDEO: Møt Trygve Wallin i Spania.

Dag Magnus Hopstock Havgar meiner det er viktig at menneske som reiser til utlandet for kortare eller lengre tidsrom, først og fremst må sørgje for å ha ei skikkeleg forsikring. Ei forsikring som også dekkjer kostnadene ved dødsfall.

Dag Magnus Hopstock Havgar er sjømannsprest i Torrevieja.

Sjømannsprest Dag Magnus Hopstock Havgar deltek ofte i minneseremoniar for nordmenn som døyr i Torrevieja-området.

For dødsfall er i Spania mykje større grad enn i Noreg «big business», og alt skjer mykje raskare enn heime. Også skiftet etter eit dødsfall skjer fort i Spania, det er til dømes ikkje mogleg å sitje i uskifta bu, slik det er i Noreg.

– Be om hjelp

– Familiemedlemer kan oppleve at like etter at den døde har trekt sitt siste sukk på sjukehuset, så kjem gravferdsbyrået med skjema som skal skrivast under på. Vårt råd er klart. Ikkje skriv under på noko du ikkje forstår. Om du ikkje forstår spansk, så skaff hjelp, rår Dag Magnus Hopstock Havgar til.

Med så mange nordmenn som ferierer eller bur fast delar av eller heile året i Spania, er ikkje 200 norske dødsfall i året spesielt høgt. 1192 nordmenn døydde under opphald i utlandet i fjor

Ein del døyr medan dei er på ferie, andre under eit lengre opphald, medan andre igjen er fastbuande i Middelhavslandet.

Havgar fortel at sjømannskyrkja ofte hjelper til i slike saker, både med det praktiske og å halde minnestund for den døde. Dei har også avtalar med gravferdsbyrå dei veit er seriøse, og som ikkje er ute etter å tene mest mogleg pengar på dødsfallet. For det finst useriøse aktørar også i denne marknaden.

Det er tradisjon i Spania å ha gravferda i løpet av det første døgnet etter eit dødsfall. I tidlegare tider var det naudsynt på grunn av varmen, og mange meiner det også er noko som heng igjen frå så langt tilbake som då Spania var under muslimsk styre.

Graver i fleire etasjar

I dag gjer moderne kjøleteknikk at det er mogleg å oppbevare døde menneske lenger, men tradisjonen med rask gravferd held seg.

Gravstadane i denne delen av Spania er heilt annleis enn det vi er vane med frå Noreg. Her er ikkje gravlundar der kistene blir gravne ned i jorda, men derimot små gravlandsbyar der gravene ligg etasjevis i store betongveggar.

Spansk gravlund.

Ein typisk spansk gravlund i Alfaz del Pi. Her ligg gravene i etasjar i ein stor betongvegg.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Kremasjon har vorte stadig vanlegare også i Spania, men det store fleirtalet vel framleis å bli lagt i kiste.

Det er mange norske namn å sjå på gravene både i Alfaz del Pi og i Torrevieja. Det er litt uvant å sjå slike etasjegraver, men det er likevel verdig og fint. Teksten på grava er om lag som heime med namn, fødselsdag og dødsdag. Her er ulike storleikar på gravene, små som kan nyttast til ei urne og store der det er plass til ei kiste.

– Desse leiger ein av kommunen i 50 år om gangen og inntil ti personar kan gravleggjast i ei slik grav i løpet av desse 50 åra. Etter 50 år det mogleg å forlengje leigeavtalen ytterlegare, seier Dag Hopstock Havgar.

Familien samlar seg

Gravferdsagent i San Pedro.

Francesca Samper Navarro driv gravferdsbyrået Virgen del Pilar i byen Pilar de la Horadada.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Francisca Samper Navarro driv saman med systera si gravferdsbyråetTanatorio Virgen del Pilar i Pilar de la Horadada, tre mil sør for Torrevieja. Det er eit gravferdsbyrå sjømannskyrkja brukar å tilrå til etterlatne, fordi dei kjenner seg trygge på at selskapet er seriøst.

Tanatorio i San Pedro del Pinatar.

Tanatorio Virgin del Pinatar i byen San Pedro del Pinatar på Costa Blanca.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Francisca tok over gravferdsbyrået etter far sin, som igjen tok over etter sin far.

Ho fortel at etter spansk tradisjon så hentar gravferdsbyrået den avlidne etter kort tid. Vedkomande blir køyrt til byrået sine lokale, Tanatorio, som det heiter på spansk. Her blir liket stelt og lagt i kiste, medan familiemedlemene samlar seg i lokalet.

– Det er vanleg at dei blir der saman med kista heilt til gravferda. Sjølve minnestunda blir også halden hos gravferdsbyrået, medan det er ein mykje kortare seremoni som blir halden på sjølve gravstaden, seier ho.

Francesca Samper Navarro fortel at dei har hatt fleire gravferder med nordmenn, men at det er ulike måtar å gjere det på. Dersom ein norsk borgar døyr i Spania, og vedkomande har alle forsikringar i orden, er det mest vanlege å balsamere liket. Deretter blir avlidne lagt i ei spesialkiste og frakta heim til Noreg med fly.

Kremasjon

Så er det dei som vil gravleggjast på vanleg måte i Spania. Her deltek ofte sjømannskyrkja i seremonien før avlidne blir gravlagt etter spanske skikkar.

Stort krematorium utanfor Benidorm.

Det store interkommunale krematoriet like utanfor feriebyen Benidorm, ikkje langt frå norske Alfaz del Pi.

Foto: Bent Tandstad / NRK

– Stadig fleire vel kremasjon, og då får dei pårørande urna med oska i etter seremonien. Då står dei fritt til å gjere det dei vil. Nokre har valt at oska skal spreiast på havet eller ein annan stad, medan andre tek med seg urna heim til Noreg for ei gravferd der, fortel Francesca.

I nokre få tilfelle skjer det at ein norsk borgar døyr i Spania åleine. Vedkomande har kanskje brote med familien heime i Noreg, og har liten eller ingen omgang med andre i Spania. Ingen «gjer krav på» avlidne.

I slike saker tek gravferdsbyrået gjerne kontakt med sjømannskyrkja, som brukar sine kontaktar for å prøve å kome i kontakt med familiemedlemer. Er det ingen som kjenner eit ansvar, så heiter det seg at det er kommunen i Spania der vedkomande budde, som har ansvaret for gravferda.

– I praksis er det ofte slik at gravferdsbyrået må ta utgiftene, seier Francesca Samper Navarro.

Fellesgrav ved krematoriet i Alfaz del Pi.

Dette er ei anonym fellesgrav utanfor det store krematoriet utanfor Benidorm på Costa Blanca.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Fellesgrav

Sjømannsprest Dag Magnus Hopstock Havgar stadfestar at sjømannskyrkja har opplevd saker der ingen har gjort krav på den avlidne, men at det er sjeldan.

Ved ein kremasjon kan ei urne bli ståande «på vent» i fleire år, dersom ingen familiemedlemer melder seg. Etter det vil oska ofte bli tømt i ei slags fellesgrav. Slike fellesgraver finn ein utanfor det store krematoriet i Alfaz del Pi og på gravplassen i Torrevieja.

Havgar fortel også at det ikkje er uvanleg at nordmenn som døyr i Spania på førehand har gitt beskjed om at dei ikkje ynskjer å bli sende heim til Noreg, og at dei heller ikkje er interessert i å ha ein gravplass.

– Dersom dei pårørande ynskjer det kan vi delta i ein seremoni der oska blir spreidd på havet, seier han. I Spania er det ikkje restriksjonar på kva ein gjer med oska etter ei kremering, seier sjømannspresten.