NRK Meny
Normal

– Dette var dottera mi sin første konsert. Ho seier det også var den siste

MANCHESTER (NRK): Manchester Arena var fylt til randa av små og store då det eksploderte i foajeen i går. For nokre var det den første konsertopplevinga nokosinne. Dottera til Nicola Hurdley vil aldri på konsert igjen.

Nicola Hurdley

Nicola Hurdley og den 12 år gamle dottera var på konserten som vart råka av terror i går kveld. 12-åringen vil ikkje på fleire konsertar, seier mora.

Foto: Johan Bull / NRK

– Vi var på veg ut mot utgangen der det small. Det var forferdeleg, og vi såg store mengder folk kome springande mot oss, så vi bråsnudde.

Det fortel Nicola Hurdley som var i lag med dottera på 12 år på Ariana Grande- konserten i Manchester i går. Arenaen var full av foreldre, vaksne, born og ungdommar.

Manchester

Det var mange born på konserten i Manchester Arena i går.

Foto: Peter Byrne / AP

– Første og siste konsert

– Folk ramla på golvet og vart trakka på, eg klarte å dra dottera mi til side og venta til det roa seg, seier Hurdley.

Ho fortel at det sat folk i rullestol på toppen av trappene som ikkje kom seg ned.

– Konserten var fantastisk, og vi elska kvart eit minutt. Det var dottera mi sin første konsert nokosinne. Og ho sa også at det blei den siste. No vil vi berre heim, avsluttar Hurdley.

Fiona Court

Fiona Court og sonen Alex var også til stades då det small. Ho vart forseinka ut i foajeen fordi ho måtte knyte skolissa si.

Foto: Johan Bull / NRK

– Redda av skolissene

Fiona Court og sonen Alex sat like ved utgangen der bomba gjekk av. Dei var nær ved å gå ut i foajeen, men så oppdaga Fiona Court at knuten på skolissa hadde losna.

– Eg stoppa opp for å knyte lissa, og då eg røyste meg opp att så small det. Hadde eg ikkje stoppa opp så hadde vi vore i foajeen då det small, seier Court.

Ho fortel om synet av forlatne sko overalt, ambulansepersonell som flytta på menneske, og svært mange ungar utan foreldre som ikkje visste kvar dei skulle ta vegen.

– Der var masse ungar som gjekk åleine, også mange under ti år, seier Court. Eg ber til Gud om at dei kom seg ut i tryggleik, avsluttar ho.

– Eit absolutt mareritt

– Alle skreik. Det var berre kaos, så eg berre greip dottera mi og løp, seier Shona Harding, som også var på konserten med dottera si.

Ho såg politi og skadde over alt.

– Det var eit sjokk. Vi var livredde. Alle forsøkte å komme vekk. Det var skadde, sakna og barn utan foreldre, Eit absolutt mareritt, fortel Shona til NRK.

Dei fekk hjelp av eit hotell som gav dei mat og drikke. Ved 02.30-tida fekk dei eit hotellrom.

– I dag har vi berre vore inne og venta på informasjon, seier Shona, som vonar ho kan få tak i bilen, slik at dei kan køyre heim til Northumberland, nordaust i England.

Manchester Arena er ein av dei mest brukte konsertsalane i Storbritannia. Den kan ta rundt 18.000 tilskodarar og er den største innendørsscena i Manchester.

Grafikk Manchester Arena
Foto: Vidar Kvien / NRK

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt