Hopp til innhold

– Dette er smertefullt for heile familien

– Det Raif blir utsett for er tortur. Situasjonen er vanskeleg for heile familien, seier kona til den saudiarabiske aktivisten Raif Badawi, som er dømd til 1000 piskeslag i tillegg til lang fengselsstraff.

Skype-intervju med Ensaf Haidar

SJå VIDEO: – Det er vanskeleg for Raif både fysisk og psykisk, alt det han blir utsett for må kallast tortur, seier Ensaf Haiar i intervjuet med Urix.

Ensaf Haidar bur saman med dei tre borna sine i eksil i Canada, medan mannen er fengsla heime i Saudi-Arabia. Det er vanskeleg for både henne og borna, fortel ho.

I intervjuet seier ho at situasjonen er svært smertefull for heile familien, ikkje berre for henne og dei tre borna, men også for familien rundt dei.

– Vanskeleg for Raif

– Det er vanskeleg for Raif både fysisk og psykisk, alt det han blir utsett for må kallast tortur, seier ho i intervjuet med Urix.

Ensaf Haidar trøystar seg med at heile verda no følgjer mannen si sak, og at han får mykje sympati.

– Eg håpar dei held fram med å krevje at Raif må setjast fri frå fengsel, heilt til han er ute, seier ho.

Urix-sak om Raif Badawi, i fengsel i Saudi-Arabia, medan familien er i Canada.

VIDEO: Det er tungt også for dei tre borna. Dei skriv brev til faren, men veit ikkje om han får lese dei.

– Stå opp for han

Ho seier at det viktigaste for ektemannen no er at alle står opp for han i denne vanskelege tida, og at kravet om at han skal setjast fri med ein gong blir halde oppe med full styrke.

Det er tungt også for dei tre borna. Dei skriv brev til faren, men veit ikkje om han får lese dei. 10 år gamle Doudi er oppvaksen i Canada, langt unna foreldra sitt heimland i Saudi-Arabia. Det er vanskeleg for han å forstå kvifor faren ikkje han er der, kvifor han er i fengsel. Han forstår det ikkje, fordi faren er ein fredfull person som likar folk og vil alt godt for dei.

– Held trykket oppe

Amnesty International lovar å halde oppe trykket mot saudiarabiske styresmakter for å få Raif Badawi fri. Dei ser det som meiningslaust at ein mann blir dømd til fengsel og pisking berre fordi han står opp for ytringsfridom.

Amnesty varslar ny demonstrasjon framfor Saudi-Arabias ambassade i Oslo komande fredag føremiddag. Sist fredag deltok rundt 70 personar i demonstrasjonen utanfor ambassaden.

Også internasjonalt er kravet massivt om at Badawi skal setjast fri.

SISTE NYTT

Siste nytt