Hopp til innhold

– Dette er ein revolusjon

NEW YORK (NRK): Amerikanske veljarar blir skildra som svært splitta i årets val. Mange har gitt Trump sin retorikk skulda. Trump-tilhengar Robert meinar det er Obama som har splitta folket.

Robert og Joey

Joey til venstre er bekymra for at USA skal bli oversvømt av flyktningar, og viser til Angela Merkel sin flyktningpolitikk som eit skrekkeksempel. Robert har skifta frå demokratisk side til den republikanske.

Foto: Gro Holm / NRK

– Eg er eigentleg ingen republikanar, seier Robert, ein sjølverklært «latino for Trump».

Han stemte på Obama i 2008. Eit fleirtal av veljarane med latinamerikansk bakgrunn stemmer demokratisk.

– Eg håpte på endring. Eg trudde på endring, som han lova. Alt Obama har gjort har splitta oss - svarte mot kvite, latinoar mot svarte, latinoar mot kvite, oss mot politiet. Trump har ført oss saman, som du kan sjå, seier han og peikar rundt seg på ei rekke menneske i capsar med det velkjende valmottoet til Trump; «Make America great again».

– Her er det både latinoar, asiatar og afro-amerikanarar, seier Robert.

Kampanjeplakat mot Hillary

'Hillary bryr seg om svarte stemmer, ikkje svarte menneske' står det på ein plakat utanfor Donald Trump si valvake.

Foto: Margret Helland / NRK

Sjå Urix-serien «Splitta»

Meiner at ulovlege innvandrarar utnyttar systemet

Han kom hit frå Ecuador då han var fem, som lovleg innvandrar, understrekar han.

– Det er ikkje rettferdig at mange kjem hit ulovleg, dei bryt loven. Dei meiner dei har rett til gratis veldferdstenester. I andre land er det krig, i Mexico er det ingen krig. Sjølv har eg jobba for å få helseforsikring i ti år. Eg veit kva for svindel som skjer. Dei kjem hit, får fem barn, dei brukar dei som «ankerborn», som Trump seier. Dei får alle desse gratisgodene, medan veteranar blir sett på som annenrangs borgarar.

Robert er rimeleg trygg på ein siger til den republikanske kandidaten.

– Og om han taper, er det fordi systemet er «rigga». Demokratane speler eit skittent spel.

Han omtalar årets val som ein revolusjon, og at han fryktar for landet om Clinton blir valt.

– Amerikansk imperialisme har vore ei katastrofe

Ein anna som fryktar for landet er fotografen Steve. Han ser utanrikspolitikken som eit av USAs største problem, og stikk i strid med dei mange som er uroa for ein uforutsigbar utanrikspolitikk om Trump blir president, trur han at den ikkje kan bli så mykje betre enn den allereie er.

Trump-tilhenger

Fotografen Steve er bekymra for USAs rolle i verda.

Foto: Margret Helland / NRK

Han synes ikkje at Trump si velvillige innstilling til Russland er problematisk, snarare tvert imot. Han seier at dette er hovudgrunnen til at han har stemt på Trump.

– Det er mindre sannsynleg at han vil få USA inn i ein krig med Russland. Hillary har derimot sagt at ho umiddelbart vil innføre ei flyforbodssone i Syria.

Russland er inne i Syria-krigen på Assad-regimet si side, og er ein av aktørane i lufta over det krigsherja landet. USA og Russland har gjort fleire mislukka forsøk på å kooridinere seg i kampen mot IS.

– Ho er ein av dei som står bak det som no skjer i Syria, og det er ei katasrofe, seier han, og peikar på Libya som eit anna døme.

– Eg trur amerikansk imperialisme har vore ei katastrofe for verda og for USA.

NRK Nyheter på Snapchat

NYHETER PÅ SNAPCHAT: NRK Nyheter dekker valget direkte på Snapchat. Vi heter 'nrknyheter'. Send oss dine spørsmål, så svarer reporterne våre i USA.

SISTE NYTT

Siste nytt