Hopp til innhold

– Det vi ser i Middelhavet kan vere berre toppen av isfjellet

Middelhavet er ikkje den einaste farlege etappen for menneske på veg til Europa gjennom Afrika.

Pakking av ein bil i Agadez

NOK VATN: Vatn er nok det viktigaste dei pakkar med seg. I Sahara kan eit menneske døy av tørst i løpet av ein dag.

Foto: AKINTUNDE AKINLEYE / Reuters

100.000 migrantar er forventa å passere gjennom Niger og Sahara-ørkenen på veg til Libya i år, ifølge IOM. Av dei som er så heldige å nå Italia, kjem over halvparten via Niger.

– Vegen er full av risiko. Det er ingen asfalt, dette er Sahara. Vi har ein firehjulstrekkjar, men den skal romme meir enn 30 menneske. Det er farleg. Om du ikkje er plassert godt nok, kan du falle av, og då risikerer du å døy, seier Koudougou Adama frå Burkina Faso til AFP.

Flyktningar på veg frå Agadez, Niger

HAVET UTAN VATN: Firehjulstrekkaren er lasta til breidda av folk og bagasje. Vil dei greie det?

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Saman med resten av dei som skal av garde frå transittbyen Agadez pakkar han med store vasskanner for å klare seg gjennom havet utan vatn. I Sahara kan eit menneske døy av tørst i løpet av ein dag. Eit problem med bilen kan få fatale konsekvensar. Det er truleg store mørketal når det gjeld talet på menneske som ikkje overlev turen.

Ikkje skarpt skilje mellom migrantar og flyktningar

– Nokre av dei er flyktningar, nokre er migrantar. Svært mange er i ei gråsone ettersom mange flyktar t.d. grunna tørke, naturkatastrofar, men denne ressursmangelen er jo også det som skaper konfliktane. Om dei hadde reist eit halvt år seinare, under konflikten, så hadde dei vorte definerte som flyktningar, fortel Richard Skretteberg i Flyktninghjelpen.

Han legg til at mange som i utgangspunktet var afrikanske arbeidsmigrantar i Libya, har på grunn av kaoset og valden i landet blitt til flyktningar med behov for dekning. Det som skjedde då Gaddafi vart styrta vart eit vendepunkt for regionen, og gjorde at talet på flyktningar auka.

Niger slår ned på menneskesmuglarar

No forsøker Niger å sette inn tiltak, med hjelp frå EU. Sist månad kom den nigerske regjeringa med ein lov som fører til opp til 30 års fengselsstraff for menneskesmuglarar. Korrupte politimenn vil også verte sett på som medskuldige. Likevel konkluderer ein rapport med at kvar einaste politimann i regionen burde vere bytta ut om ein skal få bukt med korrupsjonen.

Tel pengar i Agadez, Niger

LUKRATIVT: 450 dollar per bil + 30 dollar per person frå Agadez i Niger til Libya. I tillegg vert kokain og gull smugla gjennom den sentrale byen.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

I transittbyen Agadez er det vakse fram 70 såkalla gettoar der flyktningane oppheld seg på veg til eller frå, med kvar sine menn som skal ha sitt for losjien.

– Alle gjer business her fordi det funkar godt, det er det einaste som funkar her. Bortsett frå dette, kva slags jobbar finst det? spør David Ousseni, ein av byens mange mellommenn.

Justisminister Amadou Marou understrekar at dei ikkje kan møte dette problemet åleine og oppfordrar naboland til å innføre tilsvarande lover. Men mange vestafrikanske land er avhengige av pengeoverføringar frå flyktningar, så det spørst kor villige dei er til å gjere noko for å motverke den illegale migrasjonen.

Borgarmesteren i Agadez

BER EUROPA OM HJELP: Borgarmeistaren i Agadez, Rhissa Feltou, meiner at politikarane i Europa må sjå lenger enn til Middelhavet.

Foto: AKINTUNDE AKINLEYE / Reuters

Borgarmeisteren i Agadez, Rhissa Feltou, vender seg til Europa;

– Det er ein heil kjede som treng hjelp, ikkje berre Middelhavet, men også ørkenen.

SISTE NYTT

Siste nytt