NRK Meny
Normal

– Det var like før eg døydde

– Det var brutalt, det var valdeleg, og det var veldig nær at eg døydde, seier SVT-reporteren Bert Sundström, som vart knivstukken og mishandla i Kairo for to veker sidan.

Video - Det var like før eg døydde

VIDEO: Sjå delar av intervjuet med Bert Sunström.

No er han rekonvalesent heime i Sverige, og han seier at han etter omstenda har det ganske bra.

Regimekritiske demonstranter på Tahrir-plassen

Det var stor dramatikk på Tahrir-plassen for to veker sidan.

Foto: Khalil Hamra / Ap

I det første intervjuet etter at han kom heim til Sverige, med SVT-kollegaen Helena Nosti, seier han at det truleg var ein mobiltelefonsamtale på svensk som var utslagsgivande for dei som gjekk til angrep på han.

Lagnadstung telefonsamtale

– Eg har lært meg at ein telefonsamtale kan vere svært lagnadstung, seier han.

Bert Sundström hugsar at han miste medvitet samstundes som han heldt handa til ein soldat.

– Ein stor støvel prøvde å sparke inn skallen på meg, og då miste eg medvitet, fortel han.

Han er sikker på at overfallsmennene gjekk laus på han fordi han var utlending.

– Det var veldig spent desse dagane, og eg blei eit mål for kjenslene til nokre få, opprørde menneske. Eg veit ikkje eksakt kven dei var. Det var veldig kaotisk og ei opphissa stemning. det heile var over i løpet av nokre få minutt, legg han til.

LES OGSÅ: Egypt: – Jeg ble brutalt mishandlet

LES OGSÅ: SVT-reporter: – Glad jeg lever

Gjekk laus på utlendingar

Han har inntrykk av at ei gruppe menneske, på oppdrag frå regimet, lønna eller ikkje, i ein slags sympati for det sitjande regimet gjekk laus på journalistar, utlendingar og reformtilhengjarar, seier han i intervjuet.

Angrepet skjedde altså torsdag for to veker sidan. Søndagen etter, rundt tre døgn etter at han miste medvitet, vakna han opp på eit sjukehus i Kairo.

(Saken fortsetter under videoen)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Det stod ukjende menneske rundt senga, og eg spurde kvar eg var. Nokre svarte Egypt, og då spurde eg kvar familien min var, fortel han.

Bert Sundström trudde første han hadde vore i ei ulukke og frykta at familien hans var døde. Men etter kort tid kom han på at han var i Egypt for å rapportere om uroa i landet.

LES OGSÅ: Alvorlig, men stabilt for SVT-journalist

LES OGSÅ: – De er ute etter å blinde verden

Fekk ringje heim

– Då forstod eg at personen som stod ved sidan av senga, var den svenske ambassadøren, og då fekk eg ringje heim til kona mi, minnest han.

Trass i at han er fysisk svak etter overfallet, er Bert Sunström ikkje mindre motivert til å vere journalist. Han er endå sikrare enn før overfallet på at han har valt rett yrke.

– Det som hender, og som utviklar seg vidare, i Nord-Afrika og Midtausten er viktig. Eg synest folk i Norden har eit ansvar for å halde seg infomerte om det som skjer, til dømes i Egypt. Det er eit land vi reiser til på ferie, og så får vi plutseleg vite at det er eit dikatur, seier han.

LES OGSÅ: Seksuelle overgrep mot journalist i Egypt

LES OGSÅ: Volden fortsetter i Kairo - opposisjonen nekter å gi seg

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt