NRK Meny
Normal

– Det låg mange folk i gatene, det var kaos

Ein tyrkisk (39) og ein svensk (27) turist omkom då taket rasa saman på baren White Corner Club på den greske ferieøya Kos natt til fredag. Jan Erik Stensrud som jobba i nabobaren blei vitne til det heile.

Jan Erik Stensrud dokumenterte ødeleggelsene etter jordskjelvet

– Det smalt som berre det. Folk begynte å prate om bomber og terror først, før det gjekk opp for dei at det var eit jordskjelv, fortel Jan Erik Stensrud på telefon til NRK.

Han jobbar i West bar i Kos' Bar street, som blei hardt råka av jordskjelvet natt til fredag.

Corner bar

To personar omkom då andre etasje i White Corner bar kollapsa. Dette er eit gammalt bygg som ikkje har blitt bygd med dagens jordskjelvsikring.

Foto: Michael Probst / AP

Berre tre ambulansar på øya

Hundrevis av menneske var på den populære baren White Corner Club då taket kollapsa rundt kl. 01.30 natt til fredag. To omkom og minst sju er hardt skadde, deriblant ein nordmann, ifølge greske SKAI.

Jan Erik Stensrud

Jan Erik Stensrud jobbar på nabobaren til White Corner bar som blei hardast råka av skjelvet. Han fortel om ei dramatisk natt.

Foto: privat

Stensrud og dei andre på West bar gjekk ut i gata etter den verste skjelvinga hadde gitt seg.

– Det såg ut som ein krigssti, fleire bygningar hadde rasa saman, det låg mange folk i gatene, det var kaos, seier Stensrud.

Han seier at han prøvde å hjelpe til så godt han kunne før naudetatane var på plass.

– Dei kom ganske raskt, men dei hadde ikkje så god kontroll. Det er det 120.000 som bur på øya, inkludert turistar, og det er berre tre ambulansar her.

Stensrud fortel at dei blei evakuert til ei høgd der dei måtte vente i 5–6 timar før dei kunne dra heim. Det har vore fleire etterskjelv i løpet av natta.

White Corner bar låg i den gamle delen av Kos by, og var ein av få bygningar som var bygd på 30-talet, før det kom nye standardar som skal beskytte bygningar frå jordskjelv.

Fire av dei skadde, to greske og to svenske, er flydd i helikopter til Heraklion universitetssjukehus på Kreta, medan nordmannen og to andre er flydd til sjukehus i Athen. Ein av dei skal ha fått beina rivne av, ifølge den greske TV-kanalen Skai.

Etter jordskjelv på Kos

Det er ein stor oppryddingsjobb som ventar innbyggarane på Kos denne helga.

Foto: Michael Probst / AP

Undersøker skadane i hamna

Ifølge Associated Press skal rundt 200 menneske skal vere skadde i jordskjelvet, som hadde episenter mellom Rhodos og Kos, sør for den tyrkiske badebyen Bodrum, med ei styrke på 6,7 og ein djupn på 10 km.

Det er store skader i hamna på den greske øya, ifølge Christos Spirtzis, minister for infrastruktur og transport. Fleire ministrar har reist til øya, og spesialistar er på veg for å undersøke skadeomfanget, spesielt i hamna. Hamna er den einaste for passasjerferjer og difor ekstra viktig for å kunne frakte folk til og frå øya. Flyplassen er open, men mange av flya er forsinka.

Skjelvet skada også fleire kyrkjer, ein gammal moské og eit slott frå 1300-talet i hamna.

Constantinos eig Zero bar, som også ligg i Kos by, og var på jobb i går kveld.

– Dette er det største jordskjelvet eg har vore vitne til, seier han til NRK på telefon.

Han fortel at ein del gjester fekk panikk, mest på grunn av all støyen då flasker datt ned og knuste. Nokre av gjestene bestemte seg for å sove ute i hagen som høyrer til baren.

kart over jordskjelv mellom Hellas og Tyrkia

Jordskjelvet hadde eit episenter 10 km under havbotnen i Egeerhavet, mellom Kos og Rhodos.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt