NRK Meny
Normal

– Det kjentes ut som at jorda ville kaste deg av

Rundt 70 hamna på sjukehus i Bodrum etter jordskjelvet om råka seint torsdag kveld. Fleire sov ute i frykt for etterskjelv.

Et skjelv med styrke på 6,7 ble registrert utenfor den tyrkiske byen Bodrum natt til fredag. Her rømmer gjester fra en restaurant i det veggene begynner å riste

Cafégjester i Bodrum då skjelvet råka

Caroline Sibel Sert

Caroline Sibel Sert har opplevd jordskjelv før, men ikkje av dette omfanget.

Foto: privat

– Eg hadde lagt meg, og akkurat sovna då jordskjelvet inntrefte. Eg kjente at heile senga rista og høyrde møblane i stova bevege seg, seier Caroline Sibel Sert, som er på ferie i Gümüşlük, vest i Bodrum-provinsen.

Både Bodrum-halvøya og Kos i Hellas blei råka av jordskjelvet med ein styrke på 6,7 torsdag kveld. Episenteret ligg rundt ein mil sør for Bodrum, ifølge US Geological Survey.

Ein svensk og ein tyrkisk turist er stadfesta omkomne og fleire skadde på Kos, som blei hardast råka.

Laster Twitter-innhold

– Det kjentes ut som at bakken blei heilt gélé

Redde innbyggarar strøymde ut i gatene i byen, og hotellgjester tok med seg eigedelane sine og brukte solstolane som senger i badebyen Bitez utanfor Bodrum.

Gümüşlük ligg litt lenger unna, vest på halvøya, og der var folk ganske rolege, fortel Caroline Sert Sibert. Ho har opplevd jordskjelv tidlegare, men dette vara mykje lenger.

Idet ho heldt på å gå ut kom endå eit skjelv som kjentes like sterkt.

– Det kjentes ut som bakken blei heilt gélé og at jorda hadde lyst å riste deg av seg.

Søv på stranda

Ein mann søv på stranda i Bitez, 6 km vest for Bodrum.

Foto: Ayse Wieting / AP

Framleis etterskjelv

Sert bur i eit feriehus i eit område med fleire skandinavar, og fortel at alle samla seg ute i gata og venta på at det skulle roe seg.

– Men det gjekk veldig roleg for seg, det var ingen panikk, seier ho.

I løpet av natta har det vore fleire etterskjelv, men svakare. Ifølge tyrkiske styresmakter skal det ha vore meir enn 20 etterskjelv.

Sert fortel at det framleis er etterskjelv. Ho har likevel ingen planar om å avbryte ferien.

– Men vi kjem ikkje til å reise på stranda i dag ettersom det er stor tsunamifare, seier ho.

Borgarmeisteren i Bodrum, Mehmet Kocadon, seier at det er moderate skader i området, mest på eldre bygningar.

Sov ute på hotellet

Hotellgjester søv utandørs i frykt for nye etterskjelv.

Foto: Ayse Wieting / AP
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt