Hopp til innhold

– Det kjem ikkje ei bølgje av framandkrigarar, fordi dei fleste er døde no

Det har vore frykta at med fallet til «Den islamske staten», IS, så ville dei religiøse ekstremistane søke tilbake til Europa for å hemne seg og resultatet ville bli ei bølgje av terroråtak. Det har ikkje skjedd, hevdar ekspertane.

Kurdiske soldater etter frigjøringen av Raqqa i Syria

DANSAR ETTER SIGEREN OVER IS: Kurdiske soldatar feirar sigeren i Raqqa. Det som var rekna for å vere hovudstaden i det sokalla kalifatet til IS.

Foto: ERIK DE CASTRO / Reuters

For eit år sidan åtvara The New York Times og andre medium mot at det ville kome ei bølgje av framandkrigarar til Europa for å skape kaos og øydelegging, etter kvart som «kalifatet» deira vart lagt i ruinar.

Denne veka vart Raqqa i Syria fullstendig reinska for IS-krigarar. Ein ny dronevideo viser øydeleggingane i byen.

SJÅ VIDEO: Denne dronevideoen vart filma over Raqqa 19. oktober 2017. Foto: AP

Teorien var at dei ville gøyme seg blant vanlege flyktningar, som kom over Middelhavet, og i løyndom planlegge bloige angrep mot europeiske hovudstadar.

Men dette har ikkje skjedd, skriv New York Times søndag.

Årsaka, skriv avisa, er at Trump-administrasjonen har sett inn store ressursar på å hindre at IS-krigarane slepp ut av byane sine i live.

Det handlar om å drepe så mange ein kan, og å stenge alle fluktruter, skriv avisa.

– Vi ser ingen stor straum ut av kjerneområda til «kalifatet», fordi dei fleste av desse folka er døde no, seier general Kenneth McKenzie til New York Times.

Av dei som har kome seg ut, så sit dei fast i tredjeland som Tyrkia, eller dei har sett kursen mot land der IS framleis er sterke, som Filippinane og Libya.

Kerchove: – Mange europeiske framandkrigarar er døde

Ein reknar med at rundt 40.000 framandkrigarar frå rundt 120 land, har reist til Syria og Irak, for å slutte seg til IS.

BELGIUM-EU-KERCHOVE-TERRORISM BELGIUM-EU-KERCHOVE-TERRORISM

ANTITERROR SJEF i EU: Eus antiterror koordinator Gilles de Kerchove, seier framandkrigarane ikkje har returnert til Europa i store mengder.

Foto: GEORGES GOBET / Afp

Av dei meir enn 5000 europearane, så reknar ein med at 1500 av dei har returnert heim, seier EUs antiterrosjef Gilles de Kerchove.

Han har heller ikkje sett den store flaumen av ekstremistar frå Syria og Irak til Europa.

– Mange av dei som returnerer er kvinner og barn, resten er døde, seier Gilles de Kerchove.

Mann med IS-flagg i Mosul

ARKIV 2014: Ein IS-krigar vaiar med det karakteristiske flagget i Mosul.

Foto: STRINGER / Reuters

«Hotel California»

The Atlantic-kommentator Graeme Wood meiner det er verdt å reflektere over at vestlege demokrati fører ein krig i Midt-Austen, som handlar om å utrydde motstandaren.

– Det blir ingen seremoni der IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi skriv under på kapitulasjonen, filosoferer Wood.

– Koalisjonen ser ut til å føretrekke at ingen (framandkrigarar) kjem heim i live, skriv Wood.

Og han legg til:

Den franske forsvarsministeren vedgjekk at viss jihadistane døyr i kamp, så er det nok for det beste.

Og EUs antiterrorsjef Gilles de Kerchove sa til Wall Street Journal, at denne «Hotel California»-strategien såg ut til å fungere:

– Dei fleste vil helst døy i kamp eller bli verande i Syria, seier Kerchove.

Ingen nåde

Wood åtvarar mot å ha sympati for dei døyande IS-krigarane.

Dei har bedt om det, hevdar han og, viser til ein video på Youtube.

Den syner IS-krigarar som lèt som dei overgjev seg til kurdiske opprørarar. Men dei har andre planar. Ein for ein sprengjer dei seg sjølv i lufta, når dei kjem nær.

SJÅ VIDEO: IS-krigarar sprenger seg sjølv i lufta (18 års aldersgrense).

Dei kurdiske soldatane blir ikkje skadde.

Men Wood meiner videoen er eit eksempel på ein så ekstrem tankemåte, at ein ikkje har så mange andre alternativ enn å utslette den.

– IS er framleis ein trussel

Men sjølv om det aldri kom ein stor flaum av framandkrigarar, så er etterretningstenestene på vakt.

– Det er nok med ein eller to framandkrigarar å lure seg tilbake til Europa, væpna med kamperfaring og instruksjonar frå kommandantane sine, til å skape terror og bringe IS tilbake på TV-skjermane, seier risikoanalytikar Laith Alkhouri til New York Times.

Difor arbeider også europeiske land på spreng for å betre antiterrorlovene, og å reformere institusjonane, som har oppgåva med å fange opp terrorplanane.

Spesielt i Frankrike og Belgia hastar det, skriv New York Times. Terrorangrepa der har avslørt store manglar i sikkerheitsapparatet.

SISTE NYTT

Siste nytt