– Opptøyane i London kan spreia seg til fleire byar

Førstelektor i britiske studiar, Jan Erik Mustad, trur det er fare for at opptøyane i London kan eskalera og spreia seg til fleire byar. – Det er stor misnøye i Storbritannia nå, seier han.

Innanriksministeren i England Theresa May avsluttar nå ferien sin og kjem attende til eit London prega av store opptøyar.

Sidan laurdag kveld har over hundre personar blitt arrestert og fleire titals polititenestemenn har blitt skadde. I tillegg har det vore store materielle øydeleggingar i opptøyane som pregar byen.

– Tar situasjonen på alvor

– Om ikkje politiet effektivt klarar å slå ned opptøyane nå, er det stor fare for at dette kan eskalera, seier Jan Erik Mustad som er førstelektor i britiske studiar ved Universitetet i Agder.

Han tar heimkomsten til Theresa May som eit teikn på at regjeringa ser alvoret i situasjonen.

Ifølgje BBC skal May i møter med politiet når ho kjem til London i ettermiddag etter den andre natta med opptøyar i hovudstaden.

Storbritannia-ekspert Jan Erik Mustad

Storbritannia-ekspert Jan Erik Mustad samanliknar opptøya i dag med opptøyane i London i 1982 og 83.

Foto: Scanpix

– Det har lenge ulma

Dei valdsame opptøyane hadde sitt utspring i ein demonstrasjon etter 29 år gamle Mark Duggan blei skoten og drepen av politiet i Tottenham på torsdag.

Mustad meiner likevel at dette drapet berre hadde ein utløysande effekt på eit sinne som lenge har ligge å ulma under overflata.

Theresa May

Den britiske innanriksministaren avsluttar ferien sin og er nå på veg tilbake til eit London med opptøyar.

Foto: HO / Reuters

Han meiner at opptøyane er eit resultat av misnøye med svære økonomiske innsparingar som koalisjonsregjeringa skal gjera.

– Drapet blir av mange berre brukt til å rettferdiggjera at dei nå står på barrikadane, seier han.

Spesielt i bydelar som Tottenham, Brixton, Enfield og Southall meiner han at det nå er så store sosiale skilnader at opptøyar ikkje har vore til å unngå:

– Det skal stramast inn med fleire milliardar pund dei neste åra. I slike situasjonar er det ofte utsette grupper som arbeidsledige, folk i utsette jobbar og liknande som blir hardast ramma, seier han.

Han seier at sinnet breiar om seg i heile folket, men legg han til at det er dei kriminelle ungdomsgruppene som står bak valden og øydeleggingane ein ser.

Fleire nylege demonstrasjonar

I mars i år gjekk fleire titusen i demonstrasjonstog i London på grunn av regjeringa sine innstramingar, også denne demonstrasjonen blei delvis kuppa av valdelige demonstrantar.

Også i november i fjor blei ein studentdemonstrasjon mot dei same kutta om til ein demonstrasjon med ramponering og personskadar.

Jan Erik Mustad trekk parallellar til Storbritannia i 1982 og 83:

– Då stod Margaret Thatcher for stor kutt. Noko som resulterte i enorme opptøyar som liknar dei me ser i dag. Desse fekk smitteeffekt til andre byar som Liverpool, Manchester og Birmingham. Resultatet var fleire utbrente strok, seier han.

Han seier at det nå er fare for at det same kan skje nok ein gong.

– Det ein ser i London nå er eit bilete på eit Storbritannia med stor sosial misnøye som har utvikla seg over tid, men som blir forsterka når regjeringa må setja inn sparetiltak.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt