Hopp til innhold

– Det er skremmande

MANCHESTER (NRK): Kona til Azim Ahmed trudde det var ei ny bombe ho høyrde då politiet gjekk til aksjon i bygningen dei bur i, dagen etter terroråtaket i Manchester.

Azim Ahmed

Azim Ahmed flytta nett til Carlton Road med kona fordi området er stille og fredeleg. Det var ikkje tilfelle under politiaksjonen i dag.

Foto: Marte Halsør / NRK

– Det er skremmande. Spesielt for kona mi og den vesle babyen som var heime. Du veit, det er mykje som går føre seg i hovudet i ein slik situasjon, ho trudde faktisk det var ei bombe, fortel Ahmed til NRK der vi møter han utanfor den evakuerte bygningen.

Han var på jobb tysdag føremiddag då han fekk ein telefon frå kona om politiaksjonen i bygget deira, dagen etter minst 22 menneske blei drepne i eit terroråtak mot ein konsert med Ariana Grande.

Flytta hit fordi det er eit stille og fredeleg område

Politiet brukte ei kontrollert sprenging for å ta seg inn i bygget deira. Samtidig skal dei ha arrestert to personar i nærleiken, deriblant ein 23-åring. Det er framleis ikkje kjend kva tilknyting han skal ha til åtaket mot Ariana Grande-konserten måndag kveld.

– Dette er eit veldig stille område, det var difor vi flytta hit. Det er stille og fredeleg, alle kjem overeins, det er fint, og i tillegg er det ingen kriminalitet, seier Azim Ahmed.

Han veit endå ikkje når dei får sleppe inn att i bygningen, som for augeblikket er avsperra og omringa av politi. Kona er saman med babyen hos svigerforeldra, framleis oppskaka, ifølge mannen.

Carlton Road

Politiet held vakt utanfor ein avsperra bygnad i Carlton Road. Det var her dei skal ha arrestere ein 23-åring.

Foto: Marte Halsør / NRK

Sjokkert over at det skjedde her

Ein anna nabo NRK møter er Andy, som ikkje er overraska, sjølv om han er sjokkert over at det no har kome så tett på.

– Eg er i totalt sjokk over at det har skjedd der eg bur, at terroristane er her – dei kan vere kvar som helst. No kom eg akkurat tilbake frå ein handletur, og såg politiet og journalistar. Kva kan ein sei ... vantru.

Andy, nabo i Manchester

Andy meiner IS har vunne, når dei kan angripe kvar som helst, når som helst.

Foto: Marte Halsør / NRK

Det som skulle bli ein finversdag med fri frå jobben blei alt anna enn det.

– Eg kjenner meg trygg sjølv, men eg tenker på alle offera og dei etterlatne.

Meiner IS har vunne «krigen»

Han trur likevel at sjokket vil legge seg og livet gå vidare, som det har gjort andre stader etter liknande åtak. Men han er ikkje optimistisk, og trur dette er langt frå det siste.

– Tilgi meg for å seie dette, men eg trur IS er vinnarane. For dersom dei kan gjere noko slikt som dette ... dei kan ikkje vinne krigen i Irak, mot krefter som USA og Russland, men dei kan vinne krigen med terror, og dei har vunne den.

Terrorgruppa IS har teke på seg skulda for det som blir omtala som det verste terroråtaket i Nord-England nokon sinne. Men dette er endå ikkje stadfesta av britisk politi eller styresmakter. Britisk politi har sagt at dei kjenner identiteten til gjerningsmannen, men vil endå ikkje offentleggjere den.

SISTE NYTT

Siste nytt