Hopp til innhold

– Det er Pakistan i dag, men kvar som helst i framtida

No som flaumnivået går ned i Pakistan, åtvarar ekspertane om sjukdom og hungersnaud. Utanriksminister Bilawal Bhutto Zardari kjem til FN-toppleiarane med ein klimaappell.

Ei flaumråka kvinne sit i eit midlertidig telt med barna sine.

Ein familie på flukt i Balochistan-provinsen.

Foto: FIDA HUSSAIN / AFP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dei er apokalyptiske, og på ein måte bibelske, i storleik.

Det seier den pakistanske utanriksministeren til NRK etter eit møte med sin norske kollega Anniken Huitfeldt.

Vi møter dei i New York, der dei tysdag tek del i toppmøteveka til FN.

Bilete frå det flaumråka Pakistan har skaka verda sidan det intense monsunregnet i sommar. Zardari meiner det ein ser i dag berre er byrjinga, dersom ikkje noko blir gjort.

Huitfeldt og Zardari på FN-toppmøtet

Zardari takka for hjelpa Noreg har tilbydd så langt, som er på kring 80 millionar kroner.

Foto: Ud/Ragnhild Simenstad

Han trur nemleg at den største humanitære krisa landet har sett er symptom på ein mykje større diagnose.

– Eg likar ikkje å bruke ordet naturkatastrofe, for det er unaturleg, i og med at nedbøren er 50 prosent verre enn den ville ha vore utan klimaendringane.

– Vi må alle kome saman som eit globalt samfunn for å meistre denne utfordringa. Det er Pakistan i dag, men det kan vere kvar som helst i framtida.

Vatnet trekk seg sakte tilbake

Heile 70 % av avlingane i Pakistan er delvis eller heilt øydelagde som følge av vassmengdene, seier både ekspertar og toppleiarar i landet ifølge nyheitsbyrået AP.

Framleis har dei teke til å trekke seg tilbake nokre stader, slik at fleire har fått tilgang på husa sine igjen.

Pakistan Floods

Folk får medisinsk behandling ved eit midlertidig legesenter i Jaffarabad.

Foto: Zahid Hussain / AP

Det kjem likevel til å ta tid før vassmengdene forsvinn heilt, og landet strir no med matmangel og spreiing av vassborne sjukdommar som følge av dei.

Til no har fleire enn 33 millionar menneske blitt heimlause som følge av flaumane og problema dei har ført med seg. Dette svarar til omtrent ein av sju menneske i heile Pakistan.

I tillegg melder Reuters at spreiinga av diaré og malaria er «ute av kontroll».

– Eit klimablodbad

FNs generalsekretær António Guterres åtvara toppleiarar under opninga av FN si hovudforsamling tysdag, ifølge AFP.

– Ein vinter med global misnøye er i horisonten, sa han.

– Tilliten smuldrar opp, forskjellane eksploderer, planeten vår brenn. Folk har det vondt, og dei mest sårbare er dei som lid mest.

Han understreka at det finst håp, dersom samarbeid og dialog er vegen vidare.

– La oss jobbe saman som éin, som ein verdskoalisjon, som sameinte nasjonar.

Flom i Pakistan

Pakistanske familiar reddar ut eigendelane sine frå øydelagde heimar. Biletet er teke i starten av september.

Foto: Fareed Khan / AP

Zardari skildrar, som Guterres, ei urettvis fordeling når ein samanliknar Pakistan med resten av verda.

– Vi bidreg med 0.8 %, iallfall når det gjeld karbonutslepp, og akkurat no er vi det åttande mest klimaråka landet på planeten.

Stort engasjement i Noreg

Huitfeldt seier ho ser eit stort engasjement i Norge for å hjelpe, blant anna fordi ein ser konsekvensane av klimaendringane i katastrofane som utfaldar seg der.

– Store deler av landet står under vatn, og det vil ta lang tid før dette kjem til å tørke opp. Veldig mange menneske må flykte. Avlingane bryt saman.

– Så det er behov for massiv hjelp til Pakistan i den grufulle situasjonen som vanlege folk no står i.

Pakistan Floods Agriculture

Styresmakter og ekspertar i Pakistan seier 70 % av avlingane i landet er påverka av flaumane.

Foto: Arshad Butt / AP

Huitfeldt viser til mange engasjerte pakistanarar som sjølve har vist stort engasjement for å hjelpe flaumoffera, og seier dei har bidrege til det nære forholdet mellom landa.

SISTE NYTT

Siste nytt