– Om det er rett for meg å gå fri, så er det også rett at dei andre eg var fengsla med skal gå fri, sa Greste til den frammøtte pressa på flyplassen i Brisbane i Australia.
Al-Jazeera-journalisten Peter Greste har dei siste 400 dagane vore fengsla i Egypt, der han har vore skulda for å støtte det tidlegare regjeringspartiet Den muslimske brorskapen, som i dag er bannlyst i Egypt.
- LES OGSÅ:
Møtt av enormt pressekorps
Saman med han har også den kanadisk-egyptiske journalisten Mohamed Fahmy og egyptiske Baher Mohamed vore fengsla. Og det var desse som Greste i dag tok til orde for å få sett fri.
Greste vart på søndag slept fri frå fengselet i Kairo, og kunne etter kvart reise heim att til Australia. Foreløpig er ikkje hans to kollegaer fått den same fridomen.
I dag vart Greste møtt av familie, vener og eit enormt pressekorps i heimbyen. Der har familien hans lova at han skal få det beste han veit - nemleg øl og reker.
Peter Greste, til høgre, har saman med kollegaene Mohamed Fadel Fahmy, til venstre, og Baher Mohamed vore fengsla i 400 dagar.
Foto: Heba Elkholy / ApAl Jazeera kjemper vidare
I Egypt held derimot kampen fram, og al-jazeera har kravd at også Fahmy og Mohamed må bli lauslatne.
– Me vil ikkje kvile før Baher og Mohamed også får fridomen tilbake, har direktør i Al-Jazeera, Mostefa Souag sagt.
Al Jazeera er no bannlyst i Egypt. TV-kanalen er eigd og driven av staten Qatar, som var ein viktig støttespelar for Den muslimske brorskapen.