– Den viktigste alliansen i verda

Barack Obama og James Cameron understreka i ei pressekonferanse at dei framleis jobbar hardt for å få fjerna Gaddafi frå makta i Libya.

Video Obama taler til det britiske parlamentet

VIDEO: Obama taler til begge kammera i det britiske parlamentet.

Den amerikanske presidenten og statsministeren i Storbritannia har nytta føremiddagen til å halde grundige samtalar om alt frå dei militære kampane i Libya og Afghanistan, til spørsmål om Midtausten, terrorisme og globale økonomiske reformer.

Vil styrke banda

Etter eit noko turbulent forhold mellom dei to landa siste ti åra, var det knytt stor spenning til teikn som kan avsløre kor sterke banda over Atlanterhavet verkeleg er.

– Det er ingen andre alliansar som er viktigare for tryggleiken i verda enn den mellom USA og Storbritannia. Det er ingen alliansar som investerar så mykje i internasjonal lov og global utvikling, seier Ben Rhodes som er ein av Obama sine tryggleiksrådgjevarar.

Obama hevda at det er eit essensielt partnerskap for to grunner. Økonomien og den globale tryggleiken. Sjølv om Cameron og Obama har ulik politisk bakgrunn, sa Obama at dei er samd i dei overordna spørsmåla.

– Me er leiarar for to ulike politiske tradisjonar, men me ser kvarandre inn i augene, sa Obama på pressekonferansa.

Ingen nedtrapping i Libya

Cameron og Obama er samd i at Libya sin leiar, Muammar Gaddafi må fjernast. Men Obama gjorde det klart at bakkestyrkar i Libya er uaktuelt.

– Det er umogleg å sjå for seg ei framtid for Libya med Gaddafi ved makta. Han må gå, sa Cameron på pressekonferansa.

Den britiske statsministeren understreka at britane vurderar alle moglegheiter for å leggje press mot det libyske regimet. Obama sa han trur Gaddafi før eller seinare kjem til å gå av, og han understreka at dei vestlege landa ikkje kjem til å dempe presset mot den libyske leiaren.

– La det libyske folk ta over, var bodskapen frå Obama til Gaddafi.

Skal tale til Parlamentet

Obama skal seinare i ettermiddag halde ei tale i begge kammera i Parlamentet. Denne tala vert i følge Det kvite hus eitt av høgdepunkta under Obama sin seks dagar lange Europa-turné.

Obama vil, ifølgje avisa The Telegraph, optimistisk hevde at verda går mot lysare tider etter eit vanskeleg tiår. Han vil vise til at krigen i Irak er nedtrappa, at Afghanistan-situasjonen er i ferd med å betre seg og at Al Qaida har blitt svakare etter drapet på Osama bin Laden.

Barack Obama skal vere i Europa i totalt seks dagar, der han skal besøkje fire land. Han kom til Storbritannia i går etter å ha fått ein jublande mottaking i Irland.

Video Obama møter dronning Elizabeth ved Buckingham Palace

Barack Obama blei teke godt i mot av dronning Elizabeth ved Buckingham Palace i går.

Foto: Nyhetsspiller

SISTE NYTT

Siste nytt