NRK Meny
Normal

– Dei sa eg måtte døy for å kome til paradis

Ei 13 år gamal jente seier ho vert gitt til Boko Haram av far sin. Då terrorgruppa gav ho ein vest med eksplosiv og sa ho måtte døy for å kome til paradis, nekta ho å følgje ordre.

Nigeria-Girl Bomber

På ein pressekonferanse i Kano i Nigeria fortalde jenta si skakande historie.

Foto: AP Photo / Ap

NIGERIA-UNREST-CHIBOK-FILES

Abubakar Shekau er leiaren for Boko Haram, ei gruppe som i aukande grad har starta å tvinge jenter til å bli sjølvmordsbombarar.

Foto: - / Afp

Jenta ser ned i bakken medan ho fortel si historie. Om korleis ho vart selt til Boko Haram av far sin, og korleis terroristane prøvde å overtale ho til å ta på seg ein vest med eksplosiv – for å døy.

Ho kunne lidd same skjebne som jentene som i helga vart brukte som sjølvmordsbombarar i Maiduguri og Postikum. Men ho ville det annleis.

(Saka held fram under videoklippet)

Jente forsøkt rekruttert som selvmordsbomber.

Med spak stemme fortel jenta si historie.

Truga på livet

Då Boko Haram-soldatane spurte ho om ønska å kome til paradis svara jenta «ja». Deretter vart ho forklart at ho då måtte bli ein sjølvmordsbombar.

– Då dei sa at eg måtte døy for å kome til paradis, at eg måtte detonere ei bombe og døy, då sa eg at eg ikkje kunne gjere det, fortel jenta.

«Om du prøver å flykte, så vil me drepe deg», skal terroristane ha svara jenta som følte seg tvungen til å ta på seg vesten.

– Eg var redd for å bli brent levande, seier jenta med den spake stemma til den frammøtte pressa.

(Saka held fram under biletet)

NIGERIA-UNREST-RELIGION

Mange skal ha blitt skadde, og seks drepne i eit dobbeltangrep mot ein marknad i Postikum på søndag. Det var to jenter med eksplosiv på kroppen som skal ha blitt brukt som sjølvmordsbombarar. Dette var ikkje same hendinga som jenta i saka var ein del av.

Foto: AMINU ABUBAKAR / Afp

Taxisjåfør melde frå

Ho vart etter kvart arrestert av nigeriansk politi fordi ho lét vesten med eksplosiv bli liggande att i ein taxi.

Jenta seier at ho bestemte seg for å ikkje gjennomføre oppdraget ho var påtvunge etter at to andre hadde detonert sine bomber på ein tekstilmarknad i byen Kano.

– Etter at venen min hadde detonert sin eksplosive vest var eg skadd, fortel jenta.

Taxisjåføren som fant vesten hadde nettopp køyrt jenta til eit sjukehus der jenta skulle få behandling for skadane etter dei to første eksplosjonane. Då han fann vesten melde han frå til politiet som arresterte jenta.

Jenta vil bli verande i politiets varetekt medan etterforskinga går føre seg. Politiet har heller ikkje lukkast med å finne faren, som jenta seier er eit medlem av Boko Haram.

NIGERIA-VIOLENCE/ Displaced people gather as the Red Cross in Kano distributes relief materials at a relief camp in Dawaki

Folk som er på flukt får hjelp frå Røde Kors, i Kano. Rundt 1,5 millionar er på flukt frå Boko Haram.

Foto: STRINGER / Reuters

Angrep også i Kamerun

I helga har fleire jenter blitt brukte som sjølvmordsbombarar. Den siste tida har også Boko Haram vunne mykje terreng og gjennomført ei rekkje angrep.

Så mange som 2000 menneske kan vere drepne den siste tida, og fleire byar er jamna med jorda.

I dag gjennomførte også gruppa eit angrep mot nabolandet Kamerun, der dei skal ha gått på eit stort tap. Men frykta veks likevel i nabolanda, og no vert det snakka om behov for internasjonal intervensjon.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt