NRK Meny
Normal

– CIA-agent arrestert i Moskva

Russisk etteretning sier dei har arrestert ein CIA-agent i Moskva for å prøve å rekruttere ein offiser ved den hemmelege tenesta i Russland.

Russisk etteretning sier de har arrestert en CIA-agent i Moskva for å prøve å rekruttere en offiser ved den hemmelege tjenesten i Russland.

CIA-agent arrestert

Agenten skal ha operert under dekke av å vere ein karrierediplomat, skriv RT.com.

Det er det føderale tryggleiksbyrået i Russland, FSB, som kjem med desse opplysningane. Dei stadfestar at dei har arrestert det dei kallar ein amerikansk CIA-agent for deretter å returnere han tilbake til den amerikanske ambassaden der han jobbar som tredjesekretær.

Fant pengar og utstyr

CIA-agent arrestert

Dette biletet publisert av russisk etterretning skal vise arrestasjonen av mannen.

Foto: FSB

Han hadde på seg «spesielt teknisk utstyr og instruksjonar for å rekruttere russiske borgarar», heiter det i eit utsegn frå FSB.

FSB fant også ein stor pengesum på mannen, samt eit brev som skisserar rekrutteringsprosessen for russiske kjelder. Ifølgje Russia Today står det i dette brevet korleis russiske tenestemenn kan få 100.000 dollar for å opprette kontakt, og opptil 1 million dollar årleg om dei leverer informasjonen som USA vil.

Den arresterte mannen vart vist fram på statleg russisk TV medan han satt inne på eit kontor hos den russiske tryggleikstenesta FSB.

Ambassadøren fekk spørsmål

Den amerikanske ambassaden ønskjer ikkje å kommentere opplysningane førebels, men dei vil kome med eit utsegn seinare i dag, ifølgje CNN.

Russland har no kalt inn den amerikanske ambassadøren i Moskva på teppet. Den amerikanske ambassadøren Michael McFaul satt midt i ein spørsmål- og svar-runde på nettstaden Twitter då nyheita kom om arrestasjonen.

Han fekk eit spørsmål frå ein brukar om han kunne stadfeste eller nekte opplysningane frå FSB. Den amerikanske ambassadøren svarte kort og kontant; «Nei.»

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

NRK.no oppdater saka.

Forkledning til påstått CIA-spion

Dette er den påståtte forkledninga til spionen.

Foto: FSB
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt