Hopp til innhold

– Brexit-avtalen er som «Titanic» – vi er på veg mot isfjellet

Storbritannias tidlegare utanriksminister Boris Johnson svinga seg til nye høgder i ein tale i Belfast i dag. Han fillerista brexit-avtalen til statsminister Theresa May, og kravde blant anna at det må byggjast ei bru mellom Skottland og Nord-Irland.

Boris Johnson i Belfast.

Boris Johnson raste mot brexit-avtalen til Theresa May på eit møte i Belfast i Nord-Irland i dag.

Foto: Michael Cooper / AP

Boris Johnson sa dette under eit besøk hos det sterkt unionistiske partiet DUP (Democratic Unionist Party) i Belfast, dagen før EU-toppmøtet i Brussel der det kan bli semje om ein brexit-avtale.

Han kallar brexit-avtalen Theresa May har forhandla fram for «ein historisk tabbe», og han åtvara om at Nord-Irland kan bli ein «ein økonomisk semi-koloni av EU».

Theresa May

Statsminister Theresa May på veg inn til eit møte med Jean Claude Juncker i Brussel i kveld.

Foto: Alastair Grant / AP

Han sa også at det bør byggjast ei bru over Irskesjøen mellom Skottland og Nord-Irland for å knyte nord-irane endå tettare til Storbritannia. Dette vart godt motteke av deltakarane på møtet i Belfast.

Det er ikkje første gong Boris Johnson har lagt fram denne ideen, som dei fleste ekspertar har karakterisert som urealistisk.Tidlegare har han også snakka varmt om ei bru mellom Storbritannia og Frankrike over Den engelske kanal.

Trekte seg i protest

– Det er lett å tenkje på «Titanic», og no er det på tide å peike på isfjellet som ligg framføre oss, sa Johnson, som trekte seg som utanriksminister i regjeringa til Theresa May i juli. Det gjorde han nettopp i protest mot Mays brexit-politikk.

Johnson krev no at Theresa May utnemner ein eigen minister som skal førebu at Storbritannia skal gå ut av EU utan ein avtale. Han ber statsministeren også om å halde tilbake pengane Storbritannia skal betale til EU i samband med brexit, og så krevje nye forhandlingar med Den europeiske unionen.

Boris Johnson meiner det er betre å forlate EU utan ein avtale, enn å gå inn for den avtalen som er forhandla fram.

BOris Johnson og Arlene Foster.

Boris Johnson saman med DUP-leiar Arlene Foster i Belfast.

Foto: Paul Faith / AFP

– Blir ikkje så ille

– Det er på tide at vi får tilbake sjølvtilliten og slutte å sjå på brexit som ein pest. Ein brexit utan ein avtale treng ikkje å bli så ille som mange likar å framstille det, sa han til BBC etter møtet i Belfast.

Det nord-irske partiet DUP, som ikkje ynskjer å ha tilnærma opne grenser til det katolske Irland, ynskjer at Nord-Irland skal vere ein endå sterkare del av Storbritannia. Dei har vore motstandarar av den såkalla Langfredag-avtalen, som har sikra ein slags fred mellom katolikkar og protestantar i Nord-Irland dei siste åra.

I kveld trua DUP-leiar Arlene Foster med at partiet hennar vil røyste mot brexit-avtalen om han kjem opp til votering i parlamentet.

May til Brussel

Statsminister Theresa May kom til Brussel i kveld, der ho skal ha møte med både Jean Claude Juncker og Donald Tusk. Det er oppnådd ei slags semje med Spania om Gibraltar , slik at det spørsmålet ikkje skal hindre ein brexit-avtale.

Donald Tusk har varsla at han kjem til å be medlemslanda i EU om å godkjenne brexit-avtalen som er forhandla fram.

SISTE NYTT

Siste nytt