Hopp til innhold

– Brasil vil utlevere drapsdømd forfattar til Italia

Cesare Battisti, dømd for fire drap i Italia på 1970-talet, kan bli utlevert frå Brasil til Italia i løpet av dei nærmaste dagane, skriv den brasilianske avisa O Globo.

Cesare Battisti i Sao Paolo i 2015.

Cesare Battisti, som har vore på flukt frå italienske styresmakter i snart 40 år, er arrestert i Brasil, skulda for brot på valutarestriksjonane.

Foto: Reginaldo Castro / AFP

I dag melder O Globo at den ettersøkte italienaren truleg vil bli sendt direkte til Italia i eit fly tilhøyrande det føderale politiet i Brasil. Italienske styresmakter har i fleire år kravd Battista utlevert, ifølgje det italienske nyheitsbyrået Ansa .

Cesare Battisti, som har levd fritt i Brasil i mange år, livnærer seg som forfattar av spenningsromanar, ikkje utan ein viss suksess. Han meiner seg uskuldig dømd i Italia, og han har levd i eksil i Mexico og Frankrike før han kom til Brasil

På 1970-talet, i åra som i Italia blir kalla «Anno di piombo», som på norsk kan omsetjast til «blyåra», var Cesare Battisti medlem av ei obskur, militant venstreorientert gruppe kalla «væpna proletarar for kommunismen», forkorta til PAC.

Politiske drap

Cesare Battisti i 2004.

Cesare Battisti fotografert med nokre av bøkene sine på ei bokmesse i Paris i 2004.

Foto: Jean-loup Gautreau / AFP

Dette var ei tid i Italia der både venstreorienterte- og høgreorienterte grupper dreiv med politiske drap, bortføringar og bombeangrep i stor stil. Uttrykket «blyåra» kjem truleg frå blyet i kulene.

Gruppa til Battista hadde base i Milano og eksisterte side ved side av dei meir kjende «Raude Brigadar». Gruppa er skulda for å stå bak fire drap. Battisti har vedgått at han var medlem, men har nekta for å ha noko med drapa å gjere. Han greidde å flykte frå fengselet i 1981.

Han kom seg til Frankrike etter først å ha vore innom Mexico. Han fekk opphald etter ein avtale med dåverande president François Mitterrand, den såkalla Mitterand-doktrinen. I Italia vart han vart dømd in absentia til to livstidsdommar for dei fire drapa.

Etter press frå Italia gjekk Frankrike med på å vurdere å utlevere han, men Battisti lukta lunta og kom seg vidare til Brasil.

Cesare Battisti i 2007.

Cesare Battisti vart møtt av væpna politi då han kom til hovudstaden Brasilia i Brasil i 2007.

Foto: Evaristo Sa / AFP

Brasil utleverer likevel Battisti

Avtale med Lula

Lula Da Silva

Støttespelar: Brasils tidlegare president Lula da Silva.

Foto: Miguel Schincariol / AFP

Battisti fekk lovleg opphald i Brasil takka vere eit dekret frå dåverande president Luiz Inacio Lula da Silva i 2010. No har Italia lagt sterkt press på Brasil for å utlevere den etterlyste 63-åringen, og det var truleg årsaka til at han prøvde å kome seg over grensa til Bolivia onsdag.

Battisti var passasjer i ein taxi saman med to andre då han vart arrestert onsdag nær grensa til Bolivia. Politiet opplyser at han hadde 5000 dollar og 2000 euro på seg, i underkant av 60.000 kroner til saman.

Brasiliansk politi seier at han vart arrestert for å ha prøvd å reise frå landet med meir pengar enn det som er lovleg å ta med ut av landet.

Italias justisminister Andrea Orlando.

Italias justisminister Andrea Orlando har eit godt håp om å få Cesare Battisti utlevert.

Foto: Remo Casilli / Reuters

Sjølv seier Battisti at han var i område for å fiske og shoppe, og at det var årsaka til at han hadde ein så stor sum pengar med seg. Dei to karane som var med han i taxien seier han var gamle kjenningar. Alt dette ifølgje lokale nyheitsmedium.

Krev utlevering

Italienske styresmakter er fast bestemte på å få Cesare Battisti utlevert. Battisti har tidlegare sagt at han har kjent seg trygg i Brasil etter han fekk varig opphald av president Lula.

No er det nye leiarar som har makta i Brasil, og Italias justisminister Andrea Orlando seier at han har godt håp om at Battisti blir sendt tilbake til Italia.

Cesare Battisti tek i dag avstand frå fortida si i den militante kommunistgruppa på 1970-talet. I eit sjeldan intervju i 2011 stod han fram som ein endra mann.

Bernard-Henry Levy

Støttespelar: Forfattaren og filosofen Bernard-Henri Lévy.

Foto: DAVID BUIMOVITCH / AFP

– Å prøve å endre samfunnet ved hjelp av våpen er idiotisk. Men hugs at den gongen var det geriljasoldatar over heile verda. Italia var i ein før-revolusjonær periode, sa han blant anna i intervjuet.

Og han la til: – Det er 30 år sidan eg rekna meg for ein militant politisk aktivist. No er eg ein aktivist for litteratur.

Støttespelarar

Han byrja å skrive spenningsromanar under opphaldet i Frankrike, og han har gitt ut 15 romanar, fleire av dei kritikarroste. Han har heile tida har sterkt støtte frå mange franske intellektuelle. Fleire forfattarar har vore aktive støttespelarar, blant andre Bernard-Henry Levy.

Ei gruppe som arbeider for å få Battisti sett fri er særleg aktiv i Frankrike. I 2004 var det kraftige samanstøytar i Paris mellom demonstrantar som støtta Battisti og politiet, etter at det vart kjent at Frankrike ville utlevere han til Italia.

Demonstrasjon i Paris i 2004.

Det kom til kraftige samanstøytar mellom politi og demonstrantar i Paris då ein domstol i 2004 slo fast at Cesare Battisti kunne utleverast til Italia.

Foto: Remy De La Mauviniere / AP

SISTE NYTT

Siste nytt