– Bombe på 15–20 kilo var festa på varesykkel

Bomba som raserte to bustadblokker i den svenske byen Linköping tidlegare i år, inneheldt minst mellom 15 og 20 kilo sprengstoff. Det har vore over 120 bombeangrep i Sverige hittil i år.

Kraftig explosion i Linköping.

Det var brukt mellom 15 og 20 kilo sprengstoff i bombeangrepet mot eit bustadområde i Linköping i juni i år, ifølgje bombegruppa i det svenske politiet.

Foto: Jeppe Gustafsson/tt Nyhetsbyrån / NTB scanpix

Bomba var mest sannsynleg plassert på ein parkert varesykkel. Ifølgje politiet forårsaka bomba den kraftigaste eksplosjonen i Sverige på svært lenge. Bombegruppa konkluderer med at risikoen for tap av liv eller alvorleg skade ved ei så kraftig detonering er nesten 100 prosent.

Ingen miste livet i eksplosjonen i Linköping, men rundt 20 menneske vart lettare såra . Ingen er arrestert etter bombeangrepet, som førde til stor materiell skade på dei to lågblokkene i Ådalsgatan 7. juni i år.

Ingen arrestert

Johan Wåhlander, operativ leiar for bombegruppa i svensk politi.

Jon Wåhlander er operativ leiar for den nasjonale bombegruppa i det svenske politiet.

Foto: Johan Dernelius / SVT

Det har vore spekulasjonar om at bombeangrepet var del av ein konflikt mellom to kriminelle motorsykkelgjengar, og at ein 29 år gammal mann var målet for eksplosjonen. Dette er ikkje stadfesta av politiet, som seier dei etterforskar fleire spor i saka.

Det har vore ein kraftig auke i målretta bombeangrep i Sverige dei siste åra, sjølv om bombene som vanlegvis blir brukte inneheld langt mindre sprengstoff enn det som var tilfelle i Linköping.

Det har vore over 100 eksplosjonar andre stader i landet det siste året, blant anna i Malmö. Bombegruppa seier at det i eksplosjonane i Malmö har vore brukt mellom eit halvt kilo og eit kilo sprengstoff, og at det også her har vore stor fare for tap av menneskeliv.

Eksplosjon i Linköping.

Eksplosjonen i Linköping 7 juni i år skuldast ei bombe på mellom 15 og 20 kilo, ifølgje politiet.

Foto: Handout / Reuters

– Urovekkande utvikling

– Det er ei urovekkande utvikling, både med tanke på kor ofte det skjer, men også at det skjer på stader der det oppheld seg mange menneske, seier Jon Wåhlander, sjef for den svenske bombegruppa, til SVT .

Han seier det har vore ein kraftig auke i bombeangrep over heile Sverige dei siste tre åra, og at det er ei hard belasting på dei som jobbar med desse sakene. Han har inntrykk av at dei kriminelle gjengane i landet har stor tilgang på sprengstoff.

– Det er så mange eksplosjonar at det er fare for at det kan gå med menneskeliv. No har heldigvis dei fleste detonasjonane skjedd på natta, og då er det færre menneske ute, seier han.

120 eksplosjonar i år

Fram til juli i år har det vore 120 eksplosjonar i Sverige. I same perioden i fjor var talet 83, viser tal frå politiet. Det har vore flest eksplosjonar i Sør-Sverige, og det same var tilfelle i fjor.

Petra Stenkula, etterforskingssjef i region Syd i det svenske politiet, seier til Dagens Nyheter at ein berre kan spekulere i årsaka til den kraftige auken.

– Tilgangen til sprengstoff har auka, og vi har eit aukande problem med kriminalitet og utanforskap, seier ho

Ny eksplosjon i natt

Så seint som i natt vart eit gatekjøkken sprengt i lufta i Solna i Stockholm. Det oppstod ein kraftig brann, men ingen menneske vart skadd i eksplosjonen. Politiet har starta etterforsking, men ingen er arrestert.

Tidlegare denne veka fekk ein politibygning i Linköping store skadar etter forsøk på ei kontrollert sprenging av ein mistenkjeleg gjenstand utanfor bygningen. Sprengstoff var truleg plassert på ein sykkel som var parkert på utsida av huset.

Laster kart, vennligst vent...

SISTE NYTT

Siste nytt