NRK Meny
Normal

– Boko Haram var sterkare enn me trudde

Nigerias president Goodluck Jonathan innrømmer at styresmaktene i landet undervurderte Boko Harams styrke. Men dei er borte om ein månad, lover presidenten.

Goodluck Jonathan

President i Nigeria, Goodluck Jonathan, seier at Boko Haram vil vere nedkjempa om ein månad. Han har også tidlegare lova at terrorgruppa skulle vore nedkjempa innan kort tid.

Foto: Sunday Alamba / Ap

– Boko Haram vert svakare og svakare dag for dag, seier Goodluck Jonathan i eit intervju med BBC, og legg til at han har eit stort håp om at Nigeria klarer å gjenerobre sine tapte område frå Boko Haram innan ein månad.

NIGERIA-VIOLENCE/ Nigerien soldiers hold up a Boko Haram flag that they had seized in the recently retaken town of Damasak, Nigeria

Soldatar frå Niger syner fram eit flagg frå Boko Haram etter at dei har tatt tilbake byen Damasak i Niger.

Foto: EMMANUEL BRAUN / Reuters

Har også tidlegare lova å nedkjempe Boko Haram

Presidenten har fått hard medfart for den manglande responsen mot islamistgruppa Boko Haram, som har teke kontroll over store område nord i Nigeria, og som står ansvarlege for tusenvis av kidnappingar og drap.

Jonathan har også tidlegare uttalt seg i positive ordelag om Nigerias moglegheiter til å nedkjempe Boko Haram. I februar bestemte landets valkommisjon seg for å flytte det planlagde presidentvalet til 28 mars.

Og det var Boko Haram og tryggingssituasjonen i nord som var årsaka. Då valet vart flytta sa Jonathan at han ville sørge for å gjere det tryggare i nord før valet finn stad i mars.

TOPSHOTS-NIGERIA-NIGER-UNREST-ISLAMISTS

Over ein million er drivne på flukt av Boko Haram.

Foto: OLATUNJI OMIRIN / Afp

– Undervurderte slagkrafta deira

Så langt har ikkje han og landets militære nådd målet sitt, men dei har saman med styrkar frå fleire naboland klart å stanse deler av Boko Harams framgang. Islamistar skal også ha flykta frå Nigeria, men terrorgruppa er på inga måte utsletta endå.

Seinast i går angreip gruppa Gamboru, og minst 11 personar vart drepne, fortel vitne til nyheitsbyrået AFP. Det skjedde etter at styrkar frå Tsjad trakk seg ut att frå byen.

No innrømmer presidenten at dei tok feil av Boko Harams slagkraft.

– Me undervurderte deira påverknadskraft. Sidan borgarkrigen i Nigeria (frå 1967 til 1970 journ. anm) har me ikkje vore i nokon krig. Me produserer ikkje våpen, så me måtte sjå etter hjelp til å ruste opp vår hær og flystyrke, seier Jonathan til BBC.

– Liten sjanse for ny utsetting

Presidenten har fått mykje kritikk for å utsette valet. Mange meiner han prøver å kjøpe seg tid til å få betre oppslutnad. Jonathan tapte stadig meir støtte på meiningsmålingar, og klarte heller ikkje å stoppe trugselen frå gruppa i nord.

Leiaren for landets valkommisjon seier no at det er lite som tyder på at det planlagde valet 28. mars vil bli ytterlegare utsett.

– Me er i rute. Eg er klar over det framleis er uro for om valet vil bli halde eller ikkje. Men la meg seie at me ikkje ser nokre teikn på at det er nokre fraksjonar som ønskjer å utsette valet ytterlegare, seier kommisjonsleiar Attahiru Jega til avisa Premium Times Nigeria.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt