Hopp til innhold

– Boko Haram-bakmann arrestert

Nigerianske soldatar har arrestert ein forretningsmann, som dei meiner er leiar for eit etterretningsnettverk i Boko Haram som deltok i bortføringa av over 200 skulejenter nordaust i landet.

NIGERIA-GIRLS/ Kidnapped schoolgirls are seen at an unknown location in this still image taken from an undated video released by Boko Haram

Berre eit fåtal av dei 279 kristne skulejentene som vart bortførte av Boko Haram i april, har kome til rette.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Forretningsmannen Babui Ya'arihar personleg delteke i planlegginga av fleire væpna angrep i Maiduguri sidan 2011, heiter det i ei melding frå hæren. Ifølgje meldinga skal mannen ha vore medlem i ein organisasjon som støttar regjeringa, samstundes som han har delteke i terroraksjonar for Boko Haram.

Abubakar Shekau

Abubakar Shekau er leiar for den islamistiske terrororganisasjonen Boko Haram i Nigeria.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Det var i går kveld at soldatane slo til mot etterretningsnettverket , og det skal ha vore fleire kvinner blant dei arresterte.

Nytt angrep i dag

Samstundes held valden i Nigeria fram for fullt, og Boko Haram har fått skulda for eit nytt dødbringande angrep på sivile.

I dag køyrde ein sjølvmordsbombar inn på ein travel marknadsplass i Maidguri i det nordaustlege Nigeria med ein varebil full av sprengstoff, og minst 15 menneske er drepne. Det er også mange såra i angrepet.

Over 2000 menneske er drepne i angrep som den islamistiske terrorgruppa Boko Haram står bak i Nigeria. Fleire hundre menneske er drepne berre dei siste vekene. Så seint som søndag gjekk den islamistiske organisasjonen til angrep på fleire kyrkjer og bustadhus i Chibok.

Fleire titals menneske vart drepne i angrepet, før angriparane sette fyr på alle bygningane.

Boko Haram har tidlegare sagt at alle kristne bør reise frå det nordlege Nigeria, og at dei som ikkje gjer det er legitime mål for organisasjonen. Målet til Boko Haram er å opprette ein islamsk stat med sharialover i denne delen av Nigeria.

LES OGSÅ: Minst 15 drept av islamister i Nigeria

LES OGSÅ: Over 50 drept i angrep mot kirker i Nigeria

Sterkare enn nokon gong

Boko Haram er i dag den største trusselen mot den nigerianske staten. Trass i at regjeringa har erklært krig mot organisasjonen, så er islamistane i dag sterkare og rikare enn nokon gong.

Abubakar Shekau er etterlyst i Nigeria.

Ein plakat på ein nigeriansk politistasjon fortel at Abubakar Shekau er den mest ettersøkte mannen i Nigeria.

Foto: Tim Cocks / Reuters

USA har engasjert seg sterkt i arbeidet med å stanse pengestraumen til terrororganisasjonen, men har oppnådd stort. Linda Thomas-Greenfield, visestatssekretær i Afrika-avdelinga i amerikansk UD, trur organisasjonen får mykje av pengane sine via bortføringar og løysepengar.

Ho reknar med at det meste av pengane kjem frå Nigeria. Amerikanske styresmakter meiner dei har ei god oversikt over korleis pengar blir overførte til terrororganisasjonar internasjonalt, men har ikkje greidd å spore store overføringar til Boko Haram.

LES OGSÅ: Mener forsvaret skygger unna Boko Haram: – Soldatene forsvarer oss bare om dagen

LES OGSÅ: – Over 60 kvinner og jenter kidnappet i Nigeria

Al Qaida-kontakt

Likevel meiner dei å ha bevis for at organisasjonen har fått pengar frå organisasjonen Al Qaida in the Islamic Magreb, som er ei sidegrein av det tradisjonelle Al Qaida som Osama bin Laden la grunnlaget for.

Nigeria

Boko Haram har stått bak mange terroraksjonar i Nigeria den siste tida.

Foto: STRINGER / Reuters

Ein anonym amerikansk tenestemann seier likevel til nyheitsbyrået Reuters er desse overføringane er små i forhold til kor mykje pengar Boko Haram tener på bortføringar og løysepengar.

Som eit eksempel blir det vist til bortføringa av eit fransk ektepar, dei fire borna deira og broren til ektemannen i februar i fjor. Dei sju vart bortførte medan dei var på ferie like ved nasjonalparken Waza i Kamerun, like ved grensa til Nigeria.

Graderte dokument Reuters har fått tilgang til viser at kidnapparane fekk ein sum tilsvarande nesten 20 millionar kroner for å sette dei franske statsborgarane fri.

Boko Haram bortfører også rike nigerianske statsborgarar, og amerikanske tenestemenn meiner at dei kan håve inn ein million dollar, rundt seks millionar norske kroner, i løysepengar på ei slik bortføring.

LES OGSÅ: Væpna menn bortførte 20 kvinner i Nigeria

LES OGSÅ: Frykter opptil 500 drepte i Nigeria

Sympatisørar i Nigeria

Organisasjonen brukar kurerar, ofte kvinner og born, til å frakte pengane mellom ulike greiner av organisasjonen. Amerikanske styresmakter trur Boko Haram i hovudsak brukar kontantar, og berre i svært liten grad nyttar seg av overføringar via bankar.

Det blir også rekna med at Boko Haram får pengar frå sympatisørar i Nigeria, blant andre ein del velståande personar som har interesse av å destabilisere den nigerianske regjeringa.

Samstundes er det mykje som tyder på at Boko Haram er ein etter forholda «billeg» organisasjon å drifte. Krigarane er utstyrte med relativt billege våpen, som er langt mindre sofistikerte enn dei våpena dei heilage krigarane i Syria og Irak nyttar.

Dei fleste våpena har organisasjonen rana frå den nigerianske hæren.

Dei treng heller ikkje betale store summar til lønningar. I det lutfattige landet er det mogleg å få folk til å melde frå om den nigerianske hæren sine forflyttingar for småpengar. Dei aktive krigarane skaffar seg mat og pengar ved å stele frå innbyggjarane i landsbyane dei angrip.

LES OGSÅ: – Mer enn 40 drept på fotballkamp i Nigeria

Ansikt til ansikt

Amerikansk etterretning trur at toppleiarane i organisasjonen, Abubakar Shekau og kretsen rundt han, sjeldan eller aldri nyttar elektroniske kommunikasjonsmiddel som telefon og Internett, av frykt for å bli spora. Dei møtest i staden ansikt til ansikt.

– Dei er ganske avanserte når det gjeld å skjerme aktivitetane sine frå den nigerianske hæren og politiet, og også for vår eiga etterretning, seier ein tidlegare amerikanske militær tenestemann til Reuters.

Ein amerikanske tenestmann seier at dei reiskapane amerikansk etterretning har laga for å spore pengar til terrororganisasjonar, i liten grad fungerer i kampen mot Boko Haram.

SISTE NYTT

Siste nytt