Hopp til innhold

– Bashir blir dømd til døden

Islamisten Abu Bakar Bashir er tiltalt for terrorisme i Indonesia, og kan vente seg dødsstraff, melder CNN.

Antiterrorpolitiet passar på Bashir

Antiterrorpolitiet passar på Bashir på veg inn til operasjon i Jakarta i desember.

Foto: CRACK PALINGGI / Reuters

Fleire enn 200 menneske vart drepne i eit terrorangrep på Bali i 2002 . Høgsterett i Indonesia frikjende i 2006 islamisten Abu Bakar Bashir for å ha medverka til terroraksjonen.

Men i dag er han tiltalt på ny, og kan vente seg dødstraff, skriv CNN.

Tiltalen mot Bashir går ut på at han skal ha vore med å skaffe pengar, eggje til terrorisme, planlegge og prøve å utføre terrorisme sjølv.

Etter antiterrorlova i Indonesia kan Bashir bli dømd til døden for fleire av desse tiltalepunkta.

Ville kopiere Mumbai-angrep

Bashir vart teken i august, under mistanke om at han var knytt til ein treningsleir som vart angripe av myndigheitene i Aceh-provinsen tidleg i 2010.

Ifølgje politiet var Bashir og den relativt nye organisasjonen hans, Jamaat Tawhid Anshoru (JAT) med på å starte treningsleiren.

Politiet meiner målet med treningsleiren var å utføre angrep som likna på det i Mumbai i 2008 , i tillegg til attentat på regjeringsmedlemmer i Indonesia.

Ifølgje ein av advokatane til Bashir, Adnan Wirawan, vil rettssaka mot han starte om eit par veker. Han påstår at tiltalen mot Bashir er veldig svak.

– Dette er noko som rettsvesenet har fabrikkert, seier Wirawan.

Var åndeleg terrorleiar

Myndigheitene klarte ikkje å knyte Bashir til verken Bali-bombene eller eit angrep på Marriott-hotellet i Jakarta i 2003 .

Retten klarte berre å dømme han for mindre brotsverk. I juni 2006 vart han sleppt fri etter 25 månader i fengsel.

Bashir er kjend som ein dyktig retorikar. Han er klaga for å vere den åndelege leiaren for det indonesiske nettverket, Jemaah Islamiyah, som skal ha vore inspirasjonskjelde for mange som var med i bombeangrepa.

Bashir har heile tida nekta, og meiner klagane er ein USA-leidd konspirasjon for å få han bak lås og slå.

Islamistar krev at Bashir blir sleppt fri

Tilhengjarar av Bashir krev at han blir sleppt fri etter at han vart teken til fange i august.

Foto: Tatan Syuflana / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt