Hopp til innhold

– Aung San Suu Kyi har blitt eit nytt politisk gissel

Myanmars leiar Aung San Suu Kyi talte i dag for å roe ned det internasjonale samfunnet etter rapportar om grove overgrep mot Rohingya folket. Men det er hæren som bestemmer over tryggleikspolitikken, og Suu Kyi har på ny blitt eit politisk gissel, meiner ekspert.

MYANMAR-ROHINGYA/SUU KYI

LAST OG BRAST: Yilhengarane høyrde på talen til Aung San Suu Kyi i hovudstaden Yangon i dag.

Foto: STRINGER / Reuters

Aung San Suu Kyi står fram som ein veldig hard politisk leiar, fortel forskar Iselin Frydelund ved menighetsfakultetet.

Over 200 landsbyar er brende ned, og fleire hundre tusen har flykta til Bangladesh etter samanstøyt mellom ein Rohingya-gerilja og hæren i Myanmar 25. august.

Suu Kyi får skulda for dette, samtidig så har ikkje ho kontroll over hæren, fortel Frydenlund.

Iselin Frydelund

POLITISK GISSEL: Forskar Iselin frydelund fortel at Aung San Suu Kiy har lite ho skulle ha sagt i tryggleiksspørsmål.

Foto: PRIO

– Ein kan tenkje seg at ho har blitt eit nytt politisk gissel. For her køyrer hæren sin agenda. Kven taper på det? Det er Rohingyane og Aung San Suu Kyi, som får skulda for valden, sjølv om det eigentleg er hæren som står bak.

Ho får støtte av PRIO-forskar Stein Tønnesson:

– Det er hæren som bestemmer, fortel Tønneson.

– Balansekunst

Begge forskarane meiner at Aung San Suu Kyi driv balanserer mellom forventningane det internasjonale samfunnet har til ein fredsprisvinnar, og innanrikspolitikk.

– Talen var såpass forsiktig, at lokale nasjonalistar kunne fokusere på at det internasjonale samfunnet ikkje forstår kor kompleks konflikten er.

Og at ikkje alle muslimar har flykta, som om det var bevis på at det ikkje har vore folkemord, fortel Frydenlund.

– Det at ho opnar for å la flyktningane kome tilbake, viser at ho balanserer forsiktig, meiner Frydelund.

BANGLADESH-MYANMAR-UNREST-REFUGEE-ROHINGYA

HÅPAR Å KOME HEIM: Ein Rohingya flyktningleir i Bangladesh.

Foto: DOMINIQUE FAGET / AFP

– Kan returnere etter verifisering

I talen sa Aung San Suu Kyi stor at dei som hadde flykta skulle få lov til å kome tilbake.

– Vi er klar for å setje i verk ein« verifiseringsprosess» når som helst, og dei som har blitt verifiserte som flyktningar frå vårt land, vil få kome tilbake, sa Suu Kyi i dag.

Stein Tønneson

STRENG VERIFISERING: PRIO-forskar Stein Tønneson fortel at Myanmar vil kontrollere kvar enkelt person som kjem tilbake over grensa.

Foto: PRIO

PRIO-forskar Stein Tønneson trur det vil bli streng kontroll med dei som kjem tilbake over grensa til Myanmar.

– Det ho meiner er at kvar enkelt som kjem tilbake over grensa, skal ein undersøke om verkeleg har budd i Rakhine-staten i Myanmar tidlegare, før dei får sleppe inn.

Kontroversiell folkegruppe

Det er mellom 800.000 til 1,3 millionar Rohingyer i Myanmar, og dei er hovudsakleg muslimar.

Styresmaktene i Myanmar nektar å gje dei statsborgarskap, fordi dei meiner dei kom frå India og Bangladesh under den britiske kolonitida, fortel Tønnesson til NRK.

Dette er ein over 60 år gammal konflikt.

Hva er det som egentlig skjer i Myanmar og hvorfor gjør ikke Aung San Suu Kyi noe for å stanse volden?

SISTE NYTT

Siste nytt