NRK Meny
Normal

– Arabarstatane må gripe inn

Qatars emir meiner arabarstatane må gå inn i Syria og skape fred. Og det må gjerast utan å gå innom FNs tryggingsråd.

Qatars emir, Hamad bin Khalifa Al Thani, i FNs hovedforsamling

VIL HA INTERVENSJON: Qatars emir Hamad bin Khalifa Al Thani ynskjer at arabarstatane skal ta ansvaret med å skape fred i Syria.

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

– Ut frå nasjonale, humanitære, politiske og militære plikter, så bør arabiske statar gå inn i Syria. Dei må må gjere det som er naudsynt for å stoppe blodbadet, seier Qatars statssjef og emir, Hamad bin Khalifa Al Thani.

Han tala FN midt imot i går, og meiner Tryggingsrådet i FN ikkje har klart å hjelpe det syriske folk. Han kallar FNs innsats ein svikt, og difor manar han arabarstatane til å ikkje ta omsyn til FN-resolusjonar. Og han er ikkje redd for militær intervensjon.

– Me hadde ein liknande situasjon under borgarkrigen i Libanon på 1970-talet. Då gjekk arabiske nabostatar inn i landet, og stoppa kampane effektivt, seier den mektige statsleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Konflikten i Syria

LANGVARIG KONFLIKT: Konflikten i Syria har vart i snart 20 månader. Over 20 000 menneske er drepne.

Foto: ZAC BAILLIE / Afp

Spiller en rolle

Men Qatar har lenge støtta den eine sida i konflikten, saman med blant andre Saudi-Arabia og Egypt. Dei håpar den syriske opposisjonen skal ta makta i landet, og soleis styrke deira posisjon i Midtausten. Gamle fiendar som Iran og partiet Hizbollah i Libanon står på andre sida av konflikten. Desse har så langt støtta det syriske regimet.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon.

KRITISK TIL VÅPENINNFØRSEL: Generalsekretær i FN, Ban Ki-moon, har sterkt åtvara mot militær innblanding i konflikten i Syria.

Foto: Reuters

Fleire rapportar teiknar eit bilete av store våpenforsyningar til både opprørarar og regimet på bakken i Syria. FN har tidlegare sterkt oppfordra statar til å ikkje bidra med våpen. Generalsekretæren har ytra si bekymring over innførselen av våpen til Syria.

– Eg kjem med ein appell til alle statar i konflikten. Alle som bidreg med våpen til begge sider, bidreg berre til ei forlenging av krigen på bakken, sa han tidlegare denne månaden.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt