Hopp til innhold

– Angreip for å skape uro før valet

– Det var to mannlege sjølvmordsbombarar som gjennomførte angrepet mot ein demonstrasjon i Ankara på laurdag, det seier statsminister i Tyrkia, Ahmet Davutoğlu.

TURKEY-POLITICS-BLAST

Terrorangrepet kaper uro i Turkia berre tre veker før det viktige valet.

Foto: ADEM ALTAN / Afp

97 menneske vart drepne under terrorangrepet mot ein fredsdemonstrasjon i hovudstaden Ankara på laurdag.

Arbeidet med å identifisere lika av dei to som utførte angrepet held fram, seier statsministeren.

Mistenker at IS står bak

Det er ikkje klart kven som står bak. Etterretningskjelder i regjeringa fortel at dei mistenker at IS står bak, fordi dette angrepet liknar det som skjedde i sommar, der 32 menneske vart drepne.

Der vart også IS mistenkte for å stå bak.

Det prokurdiske partiet HDP meiner deira medlemmer var målet og hevdar at det er lite truleg at tryggingstenesta i landet ikkje kjente til angrepet på førehand.

Tusenvis samlet seg i Ankara

Menneske samlar seg for å minne dei nesten 100 menneska som vart drepne i helga.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

Skaper uro før valet

Partiet HDP meiner at det er fleire indikatorar på at regjeringa har noko med angrepet å gjere. Blant anna fordi angrepet skjer berre tre veker før eit avgjerande nyval.

Angrepet råka det politiske partiet HDP, som er hovudmotstandar til sitjande president Recep Tayyip Erdogan.

HDP meiner at angrepet skjedde for å skape uro før valet.

Den tyrkiske regjeringa har avvist alle skuldingar om at dei står bak angrepet.

Tayyip Erdogan

Sitjande president Erdogan oh den tyrkiske regjeringa nektar for at dei har noko med terrorangrepet å gjere.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt