– Anarkistar som vil øydelegge staten

DHKP-C er noko så sjeldan som ei venstreradikal terror-rørsle. Rørsla kjempar mot NATO og vestleg imperialisme. I dag skal dei ha teke ein tingrettsadvokat til gissel i Istanbul.

TURKEY MAY DAY

Tilhengarar til den forbodne venstreradikale terror-rørsla DHKP-C går i 1. mai tog i Istanbul i 2005.

Foto: MURAD SEZER / Ap

Tyrkiske soldatar har i årevis slåst mot ei rekke kurdiske terror-rørsler som opererer i dei utilgjengelege fjellområda aust i landet.

No har ei marginal gruppe, som få i Tyrkia tek seriøst, sigla opp som den største terror-trusselen i Tyrkia.

Den har ikkje ein religiøs ideologi, som dei fleste terror-rørsler i dag.

Devrimci Halk Kurtuluş Partisi-Cephesi eller DHKP-C er ei kurdisk marxistisk-leninistisk terror-rørsle. Grunnlagd i 1994.

Dei er anarkistar, fortel kjelder i Tyrkia til NRK. – Dei fleste marxistar kjempar for eit sosialistisk samfunn, desse her vil berre øydelegge staten, får NRK vite.

Røtene går tilbake til ei radikal venstrerørsle på 70-talet.

Mål for attentata har historisk vore politikarar, diplomatar eller offiserar:

  • 1971: den israelske generalkonsulen Efraim Elrom
  • 1980: tidlegare statsminister Nihat Erim
  • 1991: General Temel Cingöz
TURKEY-DHKP-C-DEMONSTRATION

Unge rekruttar til DHKP-C demonstrerer i Istanbul mot vestleg imperialisme og for væpna revolusjon i 1996.

Foto: MUSTAFA OZER / AFP

Antiimperialistisk

Dei er anti-USA og anti-NATO. Leiarane hevdar at den tyrkiske regjeringa er kontrollert av vestlege imperialistar. Dei er villige til å bruke vald for å bryte desse «usynlege» banda til vesten.

Det var lenge stille rundt rørsla på midten av 2000-talet. Leiaren Dursun Karatas døydde av kreft i 2008.

TURKEY-DHKPC-KARATAS-YAGAN-KUKUR

Dursun Karatas i midten. Han var den store leiaren til rørsla. Han døydde av kreft i 2008, og rørsla gjekk under jorda.

Foto: - / AFP

Blodig comeback

Så small det.

1. Februar 2013 gjekk det av ei bombe utanfor den amerikanske ambassaden i Ankara. Ein sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv i lufta, då han vart stoppa ved den godt vakta inngangen. Tryggingsvakta omkom i eksplosjonen, ein journalist vart skada.

DHKP-C var tilbake. Rørsla stod bak eit titals åtak mot regjeringsmål i Tyrkia i 2014.

Årsaka var truleg den auka NATO-aktiviteten i Tyrkia på grunn av krigen i Syria.

USA lova ut ein dusør på 3 millionar dollar på toppleiarane Musa Asoglu, Zerrin Sari og Seher Demir Sen.

Tyrkiske styremakter gjekk til aksjon i 28 provinsar for å røyke ut gruppa ein gong for alle. Det vart funne terrorplanar. Rørsla hadde ambisjonar om å drepe 22 tyrkiske samfunnsstoppar, blant dei to tidlegare presidentar.

Politiet klarte ikkje å stogge DHKP-C. Angrepa på partihovudkvarter og departement i Ankara haldt fram.

TURKEY-US-EMBASSY-BLAST

Ein sjølvmordsbombar sprengde seg sjølv i lufta ved den amerikanske ambassaden i Ankara i 2013.

Foto: YAVUZ OZDEN / Afp

Støtta Gezi-protestane

Sommaren 2013 braut det ut folkelege demonstrasjonane i Gezi parken mot regjeringspartiet AKP og Tayyip Erdogan.

DHKP-C utnytta frustrasjonen mange bar på mot den eigenrådige Erdogan som no er president. Dei gjorde felles sak med demonstrantane.

Gezi-demonstrantane var vanlege folk som ville demonstrere fredeleg. Dei venstreradikale terroristane hadde andre planar.

Lenge etter at Gezi-parken var tømt for demonstrantar, kriga DHKP-C sympatisørar med politiet i Istanbuls drabantbyar. Spesielt i nabolag som Okmeydani var det mykje uro. Marxist-leninistane har stor folkeleg oppslutning der.

TURKEY-US-EMBASSY-ATTACK

Ein mann ved namn Alisan Sali tok på seg skulda for åtaket på den amerikanske ambassaden i Ankara i 2013.

Foto: - / Afp

Fleire åtak

Første nyttårsdag i år vart det kasta to handgranatar mot det historiske Dolmabahçe palasset i Istanbul. Der har statsministeren kontor.

Gruppa sa at angrepet var hemn for drapet på den 15 år gamle Gezi-park demonstranten Berkin Elvan.

Same grunngjeving nyttar gruppa under aksjonen i dag, der dei held ein tingrettsadvokat som gissel.

Ein uventa trussel

Dein auka trusselen frå DHKP-C, kjem samtidig som terrorfaren generelt sett minkar i Tyrkia. Tusenvis av jihadistar brukar Tyrkia som transittland. Men terrorfaren frå islamistar som IS i Syria, har ikkje spreidd seg over grensa.

Den tradisjonelt største terrortrusselen, kurdiske PKK, sit i forhandlingar med regjeringa.

Tilbake står marxist-leninistiske DHKP-C. Ein litt uventa trussel, i ein region der jihadistane dominerer avisoverskriftene.

Rørsla har ein høg profil, men den er svak.

Angrepa blir stort sett gjort med lette skytevåpen. Ofte blir aksjonane mislukka, enten fordi våpena deira kiler seg, eller gjerningsmennene manglar trening og erfaring.

Men DHKP-C har likevel vist seg å vere ei svært seigliva rørsle, som har overlevd både ideologiar og tidas tann.

SISTE NYTT

Siste nytt