Dommaren meiner misjonærane ikkje hadde kriminelle føremål då dei prøvde å ta barn med ut av Haiti etter jordskjelv-katastrofen i januar.
Misjonærane vart
til Den dominikanske republikk 29. januar. Då hadde dei med seg 33 barn.Foreldra i live
Foreldra til dei fleste av barna var derimot i live, viste det seg seinare. Fleire av foreldra har sagt at dei gjorde avtalar med misjonærane om å
.– Ingenting tyder på at dei gjorde dette fordi dei hadde kriminelle føremål, seier rettskjelda, som vil vere anonym fordi ingenting er bestemt offentleg enno.
Dei ti misjonærane kan bli sleppte fri allereie i dag, melder Reuters.
Nektar straffskuld
Strafferamma for bortføring på Haiti er ni års fengsel. Misjonærane, fem menn og fem kvinner, nektar straffskuld. Dei seier dei berre ønskte å hjelpe barn som vart foreldrelause i jordskjelvkatastrofen.
Minst 217.000 menneske misste livet og éin million vart heimlause etter jordskjelvet som råka Haiti 12. januar. Tilstanden i landet er kaotisk, og både regjeringa i landet og FN har åtvara mot faren for menneskehandel og ulovlege adopsjonar.