Hopp til innhold

– Afrika kan bli ei stormakt innan fornybar energi

Dette hevdar i alle fall Africa Progress Panel, leia av Kofi Annan, i ein ny rapport. Energi kan vere nøkkelen for utvikling i Afrika, og samstundes ein del av løysinga på klimatrusselen.

Miljøaktivistar i Durban, Sør-Afrika

VIL SATSE PÅ FORNYBART: Miljøaktivister i Durban, Sør-Afrika

Foto: MIKE HUTCHINGS / Reuters

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Målet er energitilgang til alle afrikanarar innan 2030. Det er eit stykke att.

FN anslår at 600 millionar menneske, to tredelar av folketalet i Afrika, ikkje har tilgang til straumnett. Sjølv om Nigeria er ein av verdas største oljeeksportørar, er 93 millionar nigerianarar avhengige av ved og kol for lys og varme, ifølge The Guardian. Det tek ein gjennomsnittleg innbyggar i Tanzania åtte år å bruke like mykje straum som ein amerikanar gjer på ein månad, ifølge den nye rapporten.

Kofi Annan

LA FRAM RAPPORT: Kofi Annan leier Africa Progress Panel, som forrige veke kom med ein rapport om utviklinga av kontinentet.

Foto: POOL / REUTERS

Dette har konsekvensar, ikkje berre for bedrifter som treng energi for å produsere; manglande leselys for skuleelevar, farleg røyk som drep 600.000 årleg – halvparten av desse er barn, på sjukehus har dei problem med å kjøle ned livsviktige vaksinar. Energi er avgjerande for utvikling.

Sjå Urix-episoden frå 10.06 om den økonomiske framgangen i Afrika

Rikt på ressursar

– Vi er ikkje med på at Afrika må velje mellom vekst eller ei låge utslepp. Afrika treng å utnytte alle kraftreservene sine på kort sikt, og samtidig bygge ein konkurransedyktig infrastruktur for energi med låge utslepp, sa Annan i forbindelse med den nye rapporten.

Vindkraft i Tigray, Etiopia

FORNYBAR ENERGI: Vindturbinar i horisonten i Tigray, Etiopia.

Foto: JENNY VAUGHAN / Afp

Kontinentet er rikt på naturresursar og har eit stort potensial for fornybar energi. Investeringane i solenergi skyt fart i takt med at prisen fell. Solceller er også enkelt å installere til privat bruk, i sjølv den mest avsidesliggande landsby. Og sjølv om den fornybare energien ikkje endå kan kallast billig, er det billigare enn alternativet; generatorar, skriv The Economist.

Afrika har no seks av dei ti største solkraftverka i verda. Vass- og vindkraft er også under oppsegling. Sør-Afrika og Kenya er nokre av landa som har satsa, og i Etiopia bygg dei ein dam som skal firdoble produksjonen av elektrisitet på ti år.

Annan set klimakrav

Politikk står sentralt i energikrisa. Feilprising, underinvestering og korrupsjon er nokre av utfordringane. 120 millionar dollar forsvann plutseleg frå det statlege energiselskapet i Tanzania i fjor, ifølge The Guardian. Africa Progress Report oppfordrar politikarane til å gjere meir for å unngå korrupsjon og for å investere i energi. Dei ber afrikanske politikar bruke klimatoppmøtet i Paris i desember for å løfte temaet til eit internasjonalt nivå.

Annan ber også rike land om å endre kurs:

– Mange rike regjeringar fortel oss at dei vil ha ein klimaavtale. Men samstundes brukar dei milliardar av skattekroner på å subsidiere kol, olje og gass.

Han applauderer G7 si fråsegn om å binde seg til eit tograders mål for global oppvarming, og å bidra til å auke bruken av fornybar energi i Afrika.

SISTE NYTT

Siste nytt