NRK Meny
Normal

– Absurd å skulde Melania for plagiat

– Det er absurd å påstå at Melania Trump har rappa talen til Michelle Obama, seier leiaren for valkampen til Donald Trump, Paul Manafort.

Melania og Donald Trump

Donald Trump var svært godt nøgd med talen til kona Melania.

Foto: ROBYN BECK / AFP

Han seier at dei visste kor grundig granska talen hennar ville bli, og at det derfor ville vere fullstendig idiotisk å bruke noko frå talen til Michelle Obama. Han grunngir likskapen med at begge to har haldningar og meiningar som samsvarar med amerikanske verdiar.

Minst ein passasje i talen til Melania Trump er svært lik talen Michelle Obama heldt på Det demokratiske partiet sitt landsmøte før valet av Barack

Paul Manafort.

Kampanjeleiar for Donald Trump, Paul Manafort, meiner det er absurd å skulde talen til Melania Trump for plagiat.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

Obama som presidentkandidat i 2008.

– Vanlege ord og verdiar

– Dette er ikkje plagiat. Dette er heilt vanlege ord og verdiar. Ho bryr seg om familien sin. Det er galskap å påstå at ho har stole dette frå Michelle Obama, seier Manafort til CNN.

Han seier at kritikken av talen til Melania Trump kjem fordi Hillary Clinton no verkeleg kjenner seg trua av Donald Trump i kampen om å bli USAs neste president. Han seier at plagiat-skuldingane skuggar over det fru Trump sa i talen sin.

– Ho fokuserte på at ho flytta til USA frå eit anna land, og kor glad ho er i mannen sin, seier Manafort, og legg til: – Dette er eit nytt eksempel på at når ei kvinne truar Hillary Clinton, så prøver ho å fornedre henne og rive henne ned. Det kjem ikkje til å fungere, seier han.

Her er utdrag av talene satt sammen. Deler av talen til Melania Trump viser det som kan se ut som plagiat av Michelle Obamas tale i 2008.

VIDEO: Sammenlign talene her.

– Hennar eigne tankar

Ei kjelde i Det republikanske partiet seier til CNN at fleire av Donald Trumps nære medarbeidarar hadde sett på talen, foreslått endringar og gitt gode råd. Kommunikasjonsmedarbeidaren Jason Miller seier dette:

– Då teamet til Melania skreiv talen, tok dei utgangspunktet i det ho er oppteken av, og i ein del av talen inkluderte dei hennar eigne tankar. Erfaringa hennar som immigrant og hennar kjærleik til USA skein gjennom i talen, og gjorde framføringa til ein stor suksess.

Kritikarar meiner at Melania Trump brukte fleire avsnitt som er til forveksling lik dei Michelle Obama brukte i 2008, men Donald Trump skrytte uhemma av talen til kona.

– Eg er svært stolt, sa han blant anna.

I talen trekte ho fram dei sterke sidene til ektemannen, både som ektemann, far og som ein mogleg leiar for USA.

– Ei kjend oppskrift

Retorikk-ekspert Kjell Terje Ringdal meiner talen til Melania Trump var god, men at likskapen med Michelle Obamas tale for åtte år sidan gjer at det blir patetisk .

– Talen var bygd på ei kjend oppskrift, og var eit ekko av det som blir forventa i USA når det gjeld framvising av amerikanske verdiar, seier han.

Også forfattar og historikar Hans Olav Lahlum meiner talen var god, men at passasjane frå Michelle Obama gjer at det bli oppsiktsvekkjande og dumt.

Fem politikere som ble tatt i å «låne» fra andre

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt