Hopp til innhold

– Å vere turist kan vere ein måte å hjelpe

Nordmenn bør ikkje droppe sydenferien, meiner hjelpeorganisasjonar. Caritas meiner det derimot kan vere til hjelp å reise til Middelhavet, der økonomien for tida er trong.

Italy Migrants

Ein afrikansk gut spelar fotball med nokre andre gutar, berre få dagar etter at han kom til Pozzatto på Sicilia. Norske hjelpeorganisasjonar meiner turisme kan vere ein måte å hjelpe.

Foto: Carmelo Imbesi / Ap

– Å vere turist kan vere ein måte å hjelpe på. Det er ein veldig press på økonomien i dei landa som tek mot turistar. At dei også har inntekter frå turisme er avgjerande for at dei skal klare å hjelpe båtflyktningar, seier utanlandssjef i hjelpeorganisasjon Caritas Noreg, Knut Andreas Lid.

Greece Migrants

Ein turist syklar forbi ei gruppe flyktningar som ventar utanfor politistasjonen på Kos. Den britiske avisa Daily Mail skreiv i førre veke ein artikkel om situasjonen på ferieøya, der mange syriske og afghanske flyktningar er komne i land.

Foto: Petros Giannakouris / Ap

Han understrekar at det avgjerande er at ein legg att pengar lokalt, og ikkje berre brukar dei på cruisebåten, eller flyplassen. Sjølv har han vore på Sicilia, og fått møte folk som bur der, og som har opna heimane sine for flyktningar.

– Mange av dei som hjelper flyktningar gjer dette frivillig. Det er viktig å bidra til at lokaløkonomien går godt, og den økonomien livnærer seg stort sett på turisme, seier Lid.

– Situasjonen er ganske normal for turistar

Også Røde Kors Norge meiner det vert feil å avlyse sydenferien.

– Det viktigaste er at det vert vist respekt og nestekjærleik. Det er viktig å vise respekt for dei menneska som har risikert liva for å kome over havet, og for dei menneska som jobbar med å hjelpe dei, seier Christine Weima Lager, som er programkoordinator i Norges Røde Kors.

Også ho har vore på Sicilia, der mange flyktningar kjem i land, men ho har også kontakt med Røde Kors i andre land i området rundt Middelhavet.

– På generelt grunnlag kan ein seie at situasjonen for turistane er relativt normal. Dei fleste turistar vil ikkje kunne oppleve dette nært på kroppen. I Italia er nærast alle immigrantar plukka opp av kystvakta, og frakta til ei hamn der dei får hjelp, fortel Lager.

EUROPE-MIGRANTS/PROPOSAL Migrants sit next to tourists near a beach at the southern Italian island of Lampedusa

Ein mann spelar volleyball på Lampedusa, medan fire unge afrikanske menn slappar av litt bortanfor. På Lampedusa har mengda flyktningar auka dramatisk dei siste åra. Talet på turistar går andre vegen.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

– Møte med flyktningar kan få folk til å tenke

Lenger aust i Middelhavet er situasjonen gjerne annleis, slik som i Hellas der fleire kjem til land for eigen maskin.

– Men den enkelte turist vil nok ikkje merke så mykje til det. Uansett, så er me ikkje så opptekne av om dei merkar det eller ikkje. Me synest det viktige er at immigrantane vert respekterte som dei menneska dei er, seier Lager.

Ingen av dei to synest nordmenn bør kjenne på eit dårleg samvit, men at eit eventuelt møte med flyktningar vil kunne gi mange ein sjanse til å tenke over kva som faktisk skjer i Middelhavet.

– Dette er noko ein må tenke over i det minste. Det har jo vore ein stor diskusjon her i Noreg om ein skal ta mot 10.000 syrisk flyktningar. Om ein er turist i områda kor det er mange flyktningar, så vil kanskje dei opplevingane påverke eins meiningar, meiner Lid.

SISTE NYTT

Siste nytt