Det var lang kø utanfor den amerikanske kongressen då Netanyahu starta sin tale inne i kongressalen. Og då Israels statsminister Benjamin Netanyahu kom inn i salen vart han møtt med ståande applaus og trampeklapp.
– Gamalt hat i nye former
Det var venta at Netanyahu skulle snakke om samtalane som USA har gåande med Iran om det sistnemnde lands atomprogram. Og nettopp det gjorde Netanyahu.
- SJÅ MEIR OM FORHOLDET MELLOM USA OG ISRAEL I URIX PÅ NRK2 I KVELD KLOKKA 22.30
– Eg har kome her for å snakke om mitt lands eksistens. I dag står det israelske folk overfor forsøk på å utrydde oss. Irans øvste leiar spyr ut gamalt antisemittisk hat med moderne teknologi, sa Netanyahu og viste til ei Twitter-melding som Irans øvste leiar Ali Khamenei la ut på nettet i november.
- LES OGSÅ:
Netanyahu hamra vidare med krass kritikk mot Iran, og vart møtt med nye ovasjonar og meir trampeklapp i den amerikanske kongressen.
– Å nedkjempe IS gjennom å tillate Iran å få atomvåpen vil vere som å vinne ein kamp, men å tape krigen, sa Netanyahu, til stor applaus.
– Ein veldig dårleg avtale
Han sa vidare at Iran ikkje berre er ein trugsel for Israel, men også for heile verda.
– Me må alle stå saman for å stoppe Irans marsj mot erobring, underleggelse og terror, sa den israelske statsministeren frå talarstolen.
– Dette er ein dårleg avtale. Ein veldig dårleg avtale, som me klarar oss best utan. Alternativet til ein avtale er ikkje krig, alternativet er ein mykje betre avtale, sa Netanyahu.
– Gud velsigne USA
Han meiner at ein eventuell avtale må innehalde mykje strengare krav til Iran.
– Å stå opp mot Iran er ikkje enkelt. Å stå opp mot mørke, farlege regime er aldri enkelt, sa den israelske statsministeren.
Statsministeren brukte også tid på å rose president Barack Obama, og takke USA for all hjelp.
– Må Gud velsigne USA. Takk Amerika, de er vidunderlege, avslutta Netanyahu, og vart møtt med ytterlegare jubel og applaus.
- LES OGSÅ:
Det kvite hus er lite begeistra
Det kvite hus har på førehand ikkje vore begeistra for at Netanyahu skal tale i Kongressen samstundes som forhandlingane med Iran går føre seg. Det er republikanske kongressmedlem som har invitert statsministeren til å tale.
USA og Iran er for tida i forhandlingar i Sveits, der målet er å kome fram til ein avtale innan 31. mars. Også EU seier i dag at det er lite til hjelp om Netanyahu kritiserer dei pågåande forhandlingane.
Benjamin Netanyahu er ikkje invitert til det ovale kontor for å møte Obama. Den offisielle forklaringa for dette er at USA av prinsipp aldri tek mot statsleiarar som er midt i ein valkamp. Den israelske valkampen starta offisielt i dag.