Hopp til innhold

– 85.000 barn er døde av svolt i Jemen

Eit anslag Redd Barna har gjort viser at 85.000 barn er døde av svolt i borgarkrigen i Jemen. Samstundes vert det no stadfesta at fredssamtaler startar i Sverige heilt i starten av desember, etter meir enn tre år med krig.

Bileta av underernærte barn i Jemen fortel mykje om korleis den humanitære situasjonen i landet er. NRK åtvarer om sterke bilete.

Sidan borgarkrigen i Jemen starta i 2015 har rundt 85.000 barn måtte bøte med livet, seier Redd Barna om svoltsituasjonen i Jemen.

– Me er forskrekka av at rundt 85.000 barn i Jemen kan ha døydd som følger av ekstrem svolt sidan krigen starta. For kvart barn som vert drepen av bombar og skot, så dør titals barn av svolt og sjukdommar som eigentleg er mogleg å førebyggje, skriv organisasjonen i eit utsegn.

Bistandskrangel om ordbruk

Dei har nytta tal frå FN til å rekne ut kor mange barn som er døde av svolt, og anslaget skal ifølge organisasjonen vere eit konservativt anslag.

TOPSHOT-YEMEN-CONFLICT-MALNUTRITION

Eit jemenittisk barn får trøyst av mor. Det er tydeleg at barnet er underernært. Redd Barna meiner 85.000 barn kan ha mista livet av svolt i Jemen dei siste tre åra.

Foto: AHMAD AL-BASHA / AFP

I oktober gjekk FN ut og åtvara om at nærast halve befolkninga i Jemen, rundt 14 millionar menneske, kan stå på randa av hungersnød, og er heilt avhengige av naudhjelp utanfrå.

Legar utan grenser gjekk deretter ut og slo tilbake mot FN. Dei meinte det ikkje er hungersnød i Jemen, men at barn døyr fordi sjukehus er øydelagde og bomba i bitar. Organisasjonen åtvara mot å bruke ord som «hungersnaud» og «svoltkatastrofe» og meinte ein slik ordbruk vil vere å rope «ulv, ulv».

Fredssamtalar i Sverige

FN og hjelpeorganisasjonane er uansett einige om at situasjonen for sivile og barn i Jemen er særs alvorleg. No kan det derimot vere håp i sikte.

Nyheitsbyrået AFP melder i dag at det no er stadfesta at det heilt i byrjinga av desember vil bli fredssamtalar i Sverige. Målet er å få ein slutt på den brutale borgarkrigen som har rast i tre år.

CORRECTION-YEMEN-CONFLICT-HODEIDAH

Hamnebyen Hodeida har blitt sentrum for krigen i Jemen. Det hindrar mattilførsel og naudhjelp.

Foto: SALEH AL-OBEIDI / AFP

Nyheita kjem etter massivt press på dei krigande partane den siste tida. Houthi-rørsla sa tidlegare denne veka at dei var villige til å stanse sine angrep om også den saude-leia koalisjonen ville stanse angrepa i hamnebyen Hodeidah.

Det aller meste av mat og naudhjelp som kjem inn til Jemen kjem via Hodeida, og det er kampane i byen som har ført til ein ekstra prekær matsituasjon i Jemen.

Etter harde kampar den siste tida kjem det no vekslande meldingar frå hamnebyen. Nokre går ut på at kampane har stilna, medan andre melder om skotveksling på nattestid.

FN-utsending Martin Griffiths ankommer Sana i FN-fly

FNs spesialutsending, Martin Griffiths, håper at fred no kan vere i sikte i Jemen.

Foto: MOHAMMED HUWAIS / AFP

FN-utsending med nye framstøyt

Partane i krigen har blitt utsette for kraftig internasjonalt press, og FNs spesialutsending Martin Griffiths har klart å puste nytt liv i fredsforhandlingar. Han har besøkt Houthi-opprørarane i hovudstaden Sana, med mål om å få dei med på forpliktande fredssamtaler. Førre forsøk enda med at Houthi-opprørarane trakk seg frå samtalane.

– Om desse forhandlingane er vellukka og forhindrar ein destruktiv kamp om Hodeida, kan han bygge momentum for å blåse nytt liv i ein fredsprosess som har stått stille dei siste par åra, seier den Brussel-baserte tenkjetanken International Crisis Group til nyheitsbyrået AP.

– Men viss han mislukkast, ser fred i Jemen desto meir urealistisk ut, og situasjonen for befolkninga i landet vert desto meir kritisk, seier dei vidare.

Sjå gårsdagens Urix om situasjonen i Jemen og moglege fredssamtaler:

Øyner vi slutten på det som beskrives som verdens verste humanitære krise? FN forbereder nye fredssamtaler for Jemen, samtidig har kampene blusset opp igjen og folk fortsetter å dø av sult og mangel på medisiner.

Øyner vi slutten på det som beskrives som verdens verste humanitære krise? FN forbereder nye fredssamtaler for Jemen, samtidig har kampene blusset opp igjen og folk fortsetter å dø av sult og mangel på medisiner.

SISTE NYTT

Siste nytt