Hopp til innhold

– 700 sivile drepne i angrepa mot Vest-Mosul

Amerikanske styresmakter granskar no kva rolle amerikanske fly hadde i angrepet mot Vest-Mosul 17. mars, der fleire titals sivile skal ha mist livet. Iraqi Observatory for Human Rights seier at 700 sivile er drepne sidan angrepa mot Vest-Mosul starta 19. februar.

Sivile offer etter bombing i Mosul.

Redningsarbeidarar leitar etter overlevande etter den massive eksplosjonen i Vest-Mosul 17. mars.

Foto: Stringer / Reuters

Både irakiske regjeringsstyrkar og koalisjonen mot IS har bomba mål i Vest-Mosul den siste tida. Den amerikanske sentral kommandoen seier at dei innleiande undersøkingane av bombeangrepa 17. mars, viser at amerikanske fly deltok etter oppmoding frå irakiske tryggingsstyrkar.

Lise Grande er FNs humanitære koordinator i Irak.

Lise Grande er sjokkert over dei sivile tapa i Vest-Mosul.

Foto: Azad Lashkari / Reuters

Dei seier også at dei tek meldingane om sivile tap svært alvorleg, og at dei har starta ei etterforsking for å slå fast fakta rundt angrepet. Dei presiserer også at målet for dei amerikanske angrepa var IS-krigarar og utstyret deira.

Pause i angrepa

Ikkje stadfesta meldingar tyder på at over 100 sivile er drepne i desse angrepa, og det har versert tal på over 200.

Irakiske styresmakter har varsla ein pause i angrepa mot Vest-Mosul på grunn av høge sivile tap, melder nyheitsbyrået Reuters.

Det er vanskeleg å slå fast kva som eigentleg skjedde 17. mars, då det vart meldt om ein svært kraftig eksplosjon etter luftangrep. Ein teori er at bombene trefte ein IS-lastebil lasta med bomber og anna ammunisjon, og at det førde til ein så kraftig eksplosjon av mange andre hus i området vart ramma.

Innbyggjarar har sagt at det framleis ligg menneske i ruinane etter bombeangrepet. Ein talsmann for sivilforsvaret i Mosul seier at 40 døde menneske er berga ut av ruinane av dei samanraste husa.

Kristin Solberg rapporterer frå Vest-Mosul.

VIDEO: Kristin Solberg frå Mosul

– Levande skjold

Menneske som har flykta ut av Vest-Mosul har fortalt at IS har brukt sivile som levande skjold, og at dei har skote mot personar som har prøvd å flykte frå krigshandlingane i bydelen.

Dei som har kome seg ut har fortalt om svært vanskelege forhold inne i byen. Det er brot i vassforsyninga, og det er ikkje elektrisk straum. Dei fortel også at det ikkje er mogleg å gå matforsyningar inn i dei verste områda.

Hjelpeorganisasjonar reknar med at det framleis er rundt 600.000 menneske inne i den vestlege delen av Mosul, sjølv om det er ein straum av flyktningar ut av byen.

NRKs korrespondent Kristin Solberg har akkurat kome ut av Vest-Mosul, og ho kan fortelje om store øydeleggingar og enorme problem for dei sivile som er igjen. Ho har snakka med menneske som vart skotne på IS då dei prøvde å flykte frå kamphandlingane.

– Dei sivile er mellom oska og elden, dei opplever truslar frå begge sider, seier ho. Alle alternativa er farlege, både å prøve å flykte og å bli.

Gamlebyen i Mosul.

Bombeangrepa har ført til store øydeleggingar i gamlebyen i Vest-Mosul.

Foto: Ahmad Al-rubaye / AFP
Ruinar i gamlebyen i Mosul.

Det er mange bombekrater i gamlebyen i Mosul.

Foto: Ahmad Al-rubaye / AFP

– 700 sivile drepne

Organisasjonen Iraqi Observatory for Human Rights seier at rundt 700 sivile er drepne i flyangrep mot Vest-Mosul sidan operasjonen starta 19. februar. Dette er ikkje stadfesta av offisielle- eller uavhengige kjelder.

FNs humanitære koordinator i Mosul, danske Lise Grande, seier til Reuters at ho er sjokkert over at så mange sivile er drepne i angrepa.

SISTE NYTT

Siste nytt