NRK Meny
Normal

– 41 drepne av syriske styrkar

Syriske styrkar drap 41 sivilie i byen Rastan i ein operasjon for å knusa pro-demokratiske protestar i byen tysdag, ifølgje ein menneskerettsadvokat.

Regjeringsstyrkar omringa byen søndag og brukte blant anna granatar i operasjonen tysdag, opplyser advokaten Razan Zaitouna til Reuters.

Aktivistar har laga lista over dei 41 drepne sivile. Blant dei drepne var ei fire år gammal jente, ifølgje Zaitouna.

Rundt 1000 sivile er så langt drepne i det regimekritiske opprøret som starta i mars, ifølgje menneskerettsgrupper.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt