NRK Meny
Normal

– 400 menneske drukna i Middelhavet

Rundt 400 menneske kan ha drukna i Middelhavet på veg frå Libya til Italia, fortel overlevande til Redd Barna. Samstundes aukar flyktningstraumen over havet.

APTOPIX Italy Migrants

Ei gruppe med flyktningar vert hjelpne i land på Sicilia. I løpet av helga har 6.000 flyktningar fått hjelp i Middelhavet. Personane på biletet har ikkje noko å gjere med drukningsulukka kor rundt 400 menneske skal ha mista livet.

Foto: Calogero Montanalampo / Ap

Mange av dei som har mista livet i drukningsulukka er unge menn, og sannsynlegvis mange barn, skriv Redd Barna i ei melding som nyheitsbyrået Reuters har fått tilgang til.

8.480 menneske redda på fire dagar

Opplysingane er ikkje stadfesta frå andre hald. Det skal ha vore 550 flyktningar om bord då båten kantra eit døgn etter avreise frå Libya. Dei fleste overlevande etter ulukka skal vere flyktningar frå Afrika sør for Sahara.

Dei siste vekene har det kome stadig fleire båtar med flyktningar til Italia. Berre i løpet av dei siste fire dagane skal 8.480 flyktningar ha blitt plukka opp frå det store Middelhavet. Det opplyser den italienske kystvakta.

I løpet av 2014 skal rundt 3.500 flyktningar ha mista livet på veg over Middelhavet, seier FNs høgkommissær for flyktningar.

Og det er venta at flyktningstraumen berre vil bli verre i tida som kjem.

ITALY-SEA-REFUGEES-IMMIGRATION

Eit bilete frå den italienske kystvakta viser flyktningar bli plukka opp frå ein båt i Middelhavet.

Foto: - / Afp

Stor debatt i Italia

I Italia har temaet blitt ein stor debatt, og det vesle innvandringskritiske partiet Lega Nord har den siste tida kritisert styresmaktene, og sagt at Italia ikkje må gi flyktningane husrom.

Den italienske regjeringa har sagt at dei vil legge til rette for 6.500 sengeplassar kor flyktningar kan bli innlosjerte når dei kjem til Italia.

Men det har fått leiaren for Lega Nord, Matteo Salvini, til å rase.

– Partiet er klare for å okkupere kvart einaste hotell, herberge, skule eller brakke som er meint for bruk av dei påståtte flyktningane, seier Salvini.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt